Er du leiken som eit barn og ansvarleg som ein vaksen?

For barnehageåret 2022/2023 er det ledig midlertidige stillingar som fagarbeider/assistent i fylgjande barnehagar:

  • Skattebøl barnehage – inntil 80 % stilling
  • Torpo barnehage – inntil 100 % stilling

I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskild kraft til å meistre eigne liv er hovudmålsettinga i oppvekstsektoren. Barnehagane vektlegg omsorg, leik, trivsel, utvikling og læring. Leiken har ein sentral plass i barnehagen og me ser på den som barna sin viktigaste læringsarena. Utviklingsområder for tida framover er inkluderande barnehagemiljø og digital praksis. Skattebøl og Torpo er begge to avdelings barnehagar med flotte leikeområder både inne og ute.

Meir informasjon om barnehagane på www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar

  • Me ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, men annan relevant utdanning og praksis vert vurdert.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg. Dersom du har eit anna språk enn norsk som fyrstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer at du:

  • har genuin interesse for barn
  • er ein leikande vaksen
  • er varm og omsorgsfull, og samtidig kan setje grenser i møte med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert

Me tilbyr

  • ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte kollegaer, barn og føresette
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden eller levert inn tidlegare.

Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål.

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord