Oppvekstsektroen i Ål kommune
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

 

 

Om stillinga 

Frå 01.08.2022 er det ledig 100 % mellombels stilling som fagarbeidar ved Skattebøl skuleg. Skattebøl skule er ein 1- 4 skule med 42 elevar. Frå hausten blir skulen fådelt med 3 klassar. Me ligg lengst vest i kommunen, med fleire flotte uteområde som blir nytta i undervisninga til alle årstider. Personalet er innovative og har fokus på tilpassa opplæring. Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til 1. og 2.klasse. Me ynskjer tiltredelse så raskt som råd og helst til skulestart.

Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing, Det er innført iPad til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.

Arbeidet er knytt til å følgje opp enkeltelev og klasse i tillegg til å arbeida på SFO ved Skattebøl skule. Nøkkelord for vedkommande som skal arbeida i stillinga:

-Traumebevisst omsorg
-Reguleringsstøtte
-Støtte i fagleg læring og sosiale utfordringar

Me søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar 

-Fagarbeidar med fagbrev i barne-ungdomsarbeidar, andre med relevant kompetanse kan og søkje
-Kurs og utdanning innan spes.ped er ønskeleg

 

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:

-Må kunne skape gode relasjonar til elevar, heim og vaksne ved skulen
-Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildelevar og heil klasse
-Arbeida saman med kollegaer på skulen for å lage eit godt læringsmiljø for elevane og arbeidsmiljø for dei vaksne
-Menn er oppfordra til å søke stillinga

 

Me tilbyr

  • arbeidsplassar med dyktige kollegaer og utviklande arbeidsmiljø
  • hjelp til bustad
  • Rabatt på treningssenter
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

 

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

 

Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. 

 

Send søknad
Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med. Kommunikasjon med søkarar skjer elektronisk via Easycruit systemet. Me opplevar dessverre at nokn fer desse e-postane i sin søppelpostkasse. Så venleg sjekk søppelpost for mogeleg svar (kjem frå adressa; no-reply@easycruit.com). 

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.

 

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord