Site logo

Vi treng deg som har erfaring som tømrar, og som er interessert i å arbeide med ungdom gjennom praktisk arbeid.

Har du litt eller mykje tid til overs i vinter, er god med folk og flink til å tømre/snekre? Då har vi lyst til å kome i kontakt med deg for ein prat. Kanskje vi har den jobben du ikkje visste at du trengte… 

Vi søker nemleg etter ein fagarbeidar, med erfaring frå tømraryrket, til å bistå faglærar i praktisk undervisning på vår byggavdeling.
Du skal sjølv få vere med å påverke stillingsstørrelsen og lengda på engasjementet. 

 

OM SKOLA
Ål vidaregåande skole er ein kombinert skole med vekt på yrkesfag. Skola har ca 275 elevplassar fordelt på 18 klasser. Programområda er elektrofag, helse- og oppvekstfag, teknologiske og industrielle fag, bygg- og anleggsfag og salg-, service- og reiselivsfag. I tillegg har skola påbygging til generell studiekompetanse.
Skola er opptatt av å ha elevane i sentrum. Tilsette engasjerer seg for å være inkluderande, ha gode relasjonar til elevane og arbeide mot målet om å skape ein god og trygg skole for alle.
Opplæringa skal være heilheitleg og yrkesretta, der det blir lagt vekt på både fagleg og sosial læring. Skola og avdelingane legg vekt på å arbeide i team og møte elevane med ein felles haldning. Tilsette jobbar aktivt med å inkludere alle elevane og med bevisstheit om kva gode relasjonar til elevane har for trivsel og læring. I tillegg har leiing og tilsette fokus på godt samarbeid med næringslivet i heile Hallingdal.
Ål vgs tilbyr eit utfordrande, spennande og utviklande arbeidsmiljø. 

For meir informasjon om skola, sjå: Ål vidaregåande skole (viken.no)

Arbeidsoppgaver

  • hjelpe faglærar i praktisk undervisning 
  • halde nødvendig tilsyn med elevane i forhold til farleg verktøy og utstyr, og arbeid i høgda
  • vere med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø kor elevane opplever meistring og utvikling

Kvalifikasjoner

  • relevant svennebrev/fagbrev
  • relevant arbeidserfaring kan erstatte fagbrev
  • gjerne erfaring frå arbeid med ungdom

Personlige egenskaper

  • vere ein tydeleg vaksen og god rollemodell 
  • har lyst til/ynskje om å jobbe med ungdom
  • ser verdien av å lære bort handverket
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsferdigheiter 
  • er engasjert og har stabilt godt humør
  • har eit positivt og inkluderande elevsyn

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr

  • eit spanande arbeidsmiljø i lag med gode kollegaer og flott ungdom
  • lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Ranveig Hille, avd leiar, 4761 7106

Arbeidssted

Klokkarbakken 7
3570 Ål

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Viken fylkeskommune

Referansenr.: 4708327704
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 01.10.2023

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit candidate.webcruiter.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password