Fagarbeidar/elevassistent
- Deltid
Org. nr: – Stillingsident: 4356017901 Presentasjon av stillingen:
Vil du bli vår nye elevassistent?
Er du glad i natur, fjell, friluftsliv og kultur? Ål vgs er plassert i ein av dei beste kulturkommunane i landet med ein kortreist kvardag og god kommunikasjon; frå Ål er det 3 timar med tog til både Oslo og Bergen Vil du arbeide i eit kollegium med fokus på inkludering, tverrfagleg samarbeid, utvikling og godt profesjonsfellesskap?
Ål vidaregåande skule har frå 01. 08.21 ledig ei fast- og ei midlertidig stilling i inntil 89 % stilling som elevassistentar. Stillingane skal dekke behov på både vg1, vg2 og på vg3 påbygg til generell studiekompetanse. Som elevassistent jobbar ein 100 % kvar dag jfr. skuleruta (196 dagar) og har avspasering/fri når elevene ikkje har undervisning. Stillingane kan delast.
Ål vidaregåande skole er ein kombinert skule med ca 250 elevplassar fordelt på ca. 20 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogram innan elektrofag, teknikk- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, salg, service og reiseliv, dessutan påbygg til generell studiekompetanse. Skulen har bibliotek og kantine.
Ved skulen er det totalt ca 60 medarbeidarar som arbeider aktivt for å legge forholda til rette for at eleven skal trivast og ha eit godt lærings- og arbeidsmiljø gjennom skuleåret. Målet vårt er å drive ein skule der eleven blir sett i sentrum og der elevar og tilsette engasjerer seg for å skape ein god skule for alle. Du finn meir informasjon om skulen på www.viken.no/al-vgs
Arbeidsoppgaver
I utgangspunktet ynskjer me oss ein assistent som kan bidra inn mot dei fleste områder som ei yrkesfagleg vidaregåande skule har. Det vil seie både mot teoretiske og praktiske fag. Arbeidsoppgåvene vil bli sett i samanheng med kva andre i tilsvarande stillingar har av kompetanse og kva for område som til ei kvar tid treng assistanse. For neste skuleår er det særleg teoretisk assistanse mot basisfaga matematikk, norsk, engelsk og samfunnsfag som skulen har eit udekt behov
Kvalifikasjoner
- relevant erfaring med elevar/ungdom vil bli vektlagt
- interesse for arbeid med elevar med tilretteleggingsbehov
- beherske godt norsk, både muntleg og skriftleg
- formell utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande utdanning vil vera ein fordel
Personlige egenskaper
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- god til å skape positive relasjonar med andre
- stabilt godt humør
- inkluderande og positivt elevsyn
- kunne sjå ulike løysingar og muligheiter for den einskilde elev
- utviklings- og løysingsorientert
- kan arbeide sjølvstendig
- romsleg, raus og fleksibel
Personlege eigenskapar blir vektlagte.
Vi tilbyr
- lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
- gode, fleksible og løysingsorienterte kolleger
- godt arbeidsmiljø
- spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Ranveig Hille, avd leiar, 47617106
Arbeidssted
Klokkarbakken 7
3570 Ål
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Viken fylkeskommune
Referansenr.:4356017901
Stillingsprosent: 89%
Fast, Engasjement
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 25.04.2021