Gol kommune er ei kommune i vekst, men vil sikre ytterlegare vekst framover. Kommuneplanen sin målsetting er 5000 innbyggjarar og 250 nye arbeidsplassar innan 2030. Vi satsar difor på bulyst i kommunen.
Bulyst i Gol kommune er eit konkret og avgrensa prosjekt med hovudfokus på å auke tilflytting. Auka tilflytting vil igjen bidra til auka mengde arbeidskraft, kompetanse og nyetableringar. Vi vil aktivt oppsøkje folk som har vakse opp i Gol, men som har flytta ut for å studere eller liknande. I tillegg vil vi nytte sosiale medium for å koma i kontakt dei som ikkje har tilknyting til Gol frå før. Gjennom personleg kontakt og skreddarsydd informasjon trur vi det vil gjera det enklare å ta valet om å flytte til Gol. Prosjektet varar i 2 år.

Stillingsinnhald
Prosjektleiar har ansvar for å gjennomføre Gol kommune sitt bulystprosjekt i nært samarbeid med styringsgruppe. Prosjektleiar er ansvarleg for å gjennomføre tiltaka som prosjektet legg opp til, og er i tillegg ansvarleg for naudsynt rapportering. Prosjektleiar vil i stor grad stå for prosjektutvikling og leiing.

Arbeidsoppgåver
Hovudmålet med prosjektet er å skapa eit system som sikrar og aukar tilflytting, og som er bærekraftig over tid. Det er mål om å sikre og auke kompetanse, nyskaping og arbeidskraft. Prosjektleiaren må vere aktiv i reasjonsbyggjing med interessentar, og kunne aktivere lokalsamfunnet, slik at det er med og bidreg til å auke attraktiviteten.

Kvalifikasjonar:
• Utdanning i prosjektleiing
• Utstrakt og variert erfaring frå prosjektleiing kan erstatte formell utdanning
• Kunnskap om bruk av sosiale media
• Har god relasjonskompetanse

Du er:
• god til å samarbeide
• den som synest det er spanande å arbeide tverrfagleg
• kanskje ein med lokalkunnskap
• den som kan jobbe sjølvstendig
• løysningsorientert og nytenkjande.
• god til å kommunisere
• ein gjennomfører

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:
• Spanande og utfordrande prosjektutvikling.
• Stor fridom og mykje ansvar.
• 60 % stilling.
• Lønn etter avtale.

Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. 
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken gol.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord