Gol kommune søkjer integreringskonsulent i 100% stilling til vår interkommunale integreringsteneste, med ansvar for busetting, oppfølging og introduksjonsprogram for nykomne flyktningar. Stillinga er ledig per 1.2.2022.

Integreringstenesta lagt til Kulturavdelinga i Gol kommune med avdelingsleiar for kulturavdelinga som næraste overordna.
Introduksjonsprogrammet og integreringstenesta er felles for Gol og Hemsedal kommune, med Gol som vertskommune.
Integreringstenesta samarbeider nært med Gol vaksenopplæring og NAV Gol. Integreringstenesta samarbeider også nært med andre kommunale og private aktørar.

Vi søkjer en ny kollega, som har stor arbeidskapasitet, godt humør, er robust og løysningsorientert.

Arbeidsoppgåver:
• Koordinere introduksjonsprogram for nykomne flyktningar
• Ansvar for den praktiske gjennomføring av alle sider av i introduksjonsprogrammet, med unntak av norskopplæringa
• Oppfølging av flyktningar (busetting, sosial- og helsefagleg)
• Motivere og legge til rette for at brukarar skal kome i arbeid/ utdanning og aktivitet
• Ansvar for å etablere og følge opp praksisplasser i dei to kommunane
• Dokumentasjon og skriftleg sakshandsaming
• Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:
• 3-årig pedagogisk eller sosialfagleg høgskuleutdanning
• Relevant praksis/erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
• Førerkort og tilgang til egen bil

Vi ønsker at du har:
• Erfaring frå intergreringsarbeid og interesse for kulturelt mangfald
• Evne til å strukturere ein fleksibel arbeidskvardag med tidvis høy arbeidsmengde
• Erfaring med å kontakte næringslivet for arbeidspraksis
• God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, evne og vilje til fleksibilitet

Dette er ei stilling, der dine personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det må påreknast arbeid på kvelds- og ettermiddagstid, samt i skuleferiane.

Vi tilbyr:
• Tilsetjing og lønn i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
• Store faglege utfordringar
• Kommunal pensjonsordning

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram.
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må tas med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut frå desse
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken gol.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord