Site logo

Studerer du sjukepleie/ vernepleie / medisin eller anna helsefag?
Ønskjer du ekstrajobb som gir deg relevant erfaring?
Skal du vere delar av sommaren i Ål / Hallingdal og ønskjer å ta på deg ekstraarbeid?
Er du pensjonist eller har ledig kapasitet ved sidan av ditt ordinære arbeid?

Ål kommune ønskjer positive, serviceinnstilte og pliktoppfyllande ferievikarar med god arbeidskapasitet, og yter det vesle ekstra for å skape den gode dagen for våre brukarar. 

Helse – og omsorgssektoren søkjer ferievikarar for sommaren 2023 i avdelingane:

  • Heimetenester, kontaktperson er Marie Skråmestø
  • Avdeling Tunet (sjukeheim – korttidsavdeling), kontaktperson er Kari Stensaker
  • Avdeling Stugu (sjukeheim – langtidsavdeling), kontaktperson er Tone Fossgård Berg
  • Avdeling Meistring (dagsenter), kontaktperson er Live Magnetun
  • Miljøterapiteneste – team 1, kontaktperson er Kristina Johansson
  • Miljøterapiteneste – team 2, kontaktperson er Marianne Tretterud Skarpås
  • Ål Legeteneste / Hallingdal legevaktsentral, kontaktperson er Terje Holo Granheim

Presiser i søknaden kva avdeling du ynskjer å jobbe, samt kva periode, og om du ynskjer å starte allereie no. Ønska tidsrom er avgjerande og bindande. Søkjarar som kan arbeide heile perioden blir føretrekke. Det er ein føresetnad at du kan jobbe minst 4 veker samanhengande i vekene 26- 32. 

Dersom du allereie har aktiv vikaravtale i sommarperioden i helse- og omsorgssektoren i Ål kommune treng du ikkje søkja på nytt. 

Arbeidsoppgåver kan vere

  • hjelp, omsorg og pleie til brukarane etter individuelle behov (personleg hygiene, forflytning, aktivitet, kommunikasjon, tilrettelegging i matsituasjonar, lage mat, dokumentasjon)
  • praktisk bistand / heimehjelp
  • å bidra til gode og meiningsfylte kvardagar, aktivitet og sosial kontakt
  • miljøarbeid

Kvalifikasjonar

  • ønskje om, men ikkje eit krav, utdanning og /eller erfaring innan helse og omsorgsfag
  • for å jobbe ved Ål legeteneste / Hallingdal legevaktsentral må du ferdig utdanna sjukepleiar eller paramedic
  • ha gode kunnskapar i norsk, – både skriftleg og munnleg
  • ønskjeleg med førarkort ( gjeld ikkje alle avdelingar)
  • ha fylt 18 år

Personlege eigenskapar

  • sjølvstendig, fleksibel og påliteleg
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit
  • er pliktoppfyllande / påliteleg, lojal og grundig
  • du kommuniserer godt med brukarar, deira pårørande og samarbeidspartar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • todelt turnus og eigen nattevaktsturnus. Enkelte avdelingar har langvakt i helg med arbeid kvar 4. helg
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og lærerik feriejobb
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • e-læringskurs, internundervisning og fagleg påfyll
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk og pensjonsordning i KLP

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password