Site logo

Frå barnehageåret 2024/2025 er det ledig faste og mellombelse stillingar som fagarbeider/assistent i barnehagane i Ål kommune.  Utlysinga gjeld også for stillingar fram mot 1. august 2024, og det blir gjort fortløpande intervju før søknadsfristen.

I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskild kraft til å meistre eigne liv er hovudmålsettinga i oppvekstsektoren. Barnehagane vektlegg omsorg, leik, trivsel, utvikling og læring. Leiken har ein sentral plass i barnehagen, og vi ser på den som barna sin viktigaste læringsarena. Utviklingsområde for tida framover er inkluderande barnehagemiljø og digital praksis. Barnehagane har flotte leikeområder både inne og ute.

Meir informasjon om barnehagane på www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar:

  • vi ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • annan relevant utdanning og praksis blir vurdert
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg. Dersom du har eit anna språk enn norsk som førstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar:
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer at du:

  • har genuin interesse for barn
  • har genuin interesse for barn med sterke følelsesuttrykk
  • er ein leikande vaksen
  • er varm og omsorgsfull, og samtidig kan setje grenser i møte med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte kollegaer, barn og føresette
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password