Site logo

Vi har ledig 80% vikariat som fagarbeidar / assistent i Torpo barnehage i perioden 19.08.24 – 09.08.25.

Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til skule, fotballbane, skiløype og fin natur. I 2015 vart heile huset renovert og framstår no som ein barnehage godt tilpassa behova barn og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Vi har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet.

Torpo barnehage har full pedagogdekning og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte. Vi er opptekne av å skape ei tydeleg pedagogisk ramme om vår verksemd, der det er plass til at barn og vaksne saman skal fylle ramma med innhald.

Kvalifikasjonar:

  • Vi ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Annan relevant utdanning og praksis blir vurdert.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg. Dersom du har eit anna språk enn norsk som førstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar:
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer at du:

  • har genuin interesse for barn
  • har genuin interesse for barn med sterke følelsesuttrykk
  • er ein leikande vaksen
  • er varm og omsorgsfull, og samtidig kan setje grenser i møte med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte kollegaer, barn og føresette
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkommen til å ta kontakt om du har spørsmål.

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password