Site logo

For barnehageåret 2024/202, dvs 01.08.24-31.07.25,  er det ledig inntil 200% vikariat som fagarbeidar/assistent i Skattebøl barnehage.

I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskild kraft til å meistre eigne liv er hovudmålsettinga i oppvekstsektoren. Barnehagane vektlegg omsorg, leik, trivsel, utvikling og læring. Leiken har ein sentral plass i barnehagen, og vi ser på den som barna sin viktigaste læringsarena.

Skattebøl barnehage er ein kommunal barnehage som tilbyr inntil 60 plassar, frå hausten -24 fordelt på tre basar. Barnehagen ligg vakkert til i eit skogholt, like ved Skattebøl skule. Det er god plass å boltre seg på, både inne og ute. Vi ynskjer å vere ein arena der borna kan finne glede i å vere i eit fellesskap med andre born, og knytte vennskap før skuletida tek til.

Meir informasjon om barnehagane på www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar

  • vi ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • annan relevant utdanning og praksis blir vurdert
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg. Dersom du har eit anna språk enn norsk som førstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer at du:

  • har genuin interesse for barn
  • har genuin interesse for barn med sterke følelsesuttrykk
  • er ein leikande vaksen
  • er varm og omsorgsfull, og samtidig kan setje grenser i møte med barn
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte kollegaer, barn og føresette
  • kompetanseheving
  • pensjonsordning KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Send søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • oppgje i søknaden kor stor stilling du er interessert i
  • dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
  • aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju fortløpane 
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål. 

Velkomen som søkjar!

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password