Gol kommune har ledig 100% fast stilling som driftsoperatør ved Kommunalteknisk avdeling. Stillinga er ledig for tiltreding 1.oktober 2022.

Kommunalteknisk avdeling har 11 tilsette som har ansvar for planlegging, prosjektering, drift og vedlikehald innafor fagområda veg, vatn, avløp og renovasjon.
Driftsoperatørstillinga blir ein del av eit team på i alt 4 personar.

Arbeidsoppgåver:
• Drift, vedlikehald og oppgradering av avløpsrenseanlegg med tilhøyrande leidningsnett og avløpspumpestasjonar
• Drift, vedlikehald og oppgradering av vassbehandlingsanlegg med tilhøyrande leidningsnett, høgdebasseng og, trykkøkningsstasjonar
• Delta aktivt ved lekkasjesøk
• Delta i beredskapsvaktordning med ei vekesvakt kvar 4 veke. Beredskapsvakta har heimevakt med responstid på maks 1 time
• Aktiv bruk av SD-anlegg, FDV-program, GIS-Line VA og andre dataverktøy avdelinga nytter
• Dialog med abonnentar, røyrleggar, entreprenører og andre samarbeidspartnarar
• Utvikling av rutinar og arbeidsmåtar

Andre oppgåver kan leggast til eller endrast av nærmaste leiar

Ønska kvalifikasjonar:
• Fagskule-/driftsoperatørutdanning eller fagbrev innan relevante områder som elektrikar, automasjon, røyrleggar, anleggsrøyrleggar.
• Realkompetanse (erfaring) innanfor fagområdet kommunalteknikk/VA vil kunne erstatte formell utdanning
• Erfaring frå bruk av elektroniske system og SD anlegg
• Førarkort klasse B er et krav
• God norsk skriftlig og munnleg framstillingsevne

Søkarar utan driftsoperatørutdanning må plikte seg å ta slik opplæring.

Vi søkjer ein person med:
• Gode samarbeidsevner
• Engasjert og villig til å lære samt tenke framtidsretta og nytt
• Evne til raskt å sette seg inn i arbeid med ulike dataverktøy og styringssystem
• Resultatorientert og serviceinnstilt
• Evne til å arbeide sjølvstendig

Den som vert tilsett må delta i avdelinga si utvikling. Personlege- og sosiale eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:
• Ein spennande arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
• Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
• Gode pensjonsordningar gjennom KLP eller SPK
• Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

For stillinga gjeld:
• Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk

Anna:
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken gol.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord