Dansepedagog til kraftsenter for dans i Hallingdal!

Det er ledig 80-100 % fast stilling som dansepedagog ved Ål kulturskule frå 01.08.2022.

Ål kulturskule held til i moderne lokale i Ål kulturhus. Kulturskulen har over 350 elevplassar med undervisningstilbod i musikk, dans teater/drama, yoga, søm@design og visuell kunst. Visjonen "Kulturskule for alle" skal bidra til at barn og unge får moglegheit til oppleving, utvikling og skaparglede gjennom ulike typar kunstfag. Me er oppteken av å ta vare på leiken, kreativiteten og elevmedverknad i alle fag.

Me har fleire store årlege arrangement/prosjekt, ofte i samarbeid med festivalar og andre aktørar i kulturlivet. Me samarbeider tett på tvers av fag, og her får du som medarbeidar moglegheiter til å være med i spennande lærings- og utviklingsprosessar saman med dyktige folk. Moglegheitene skaper me saman og innanfor rammene av verdiane av Ål kommune; open, modig og grundig! Ål skal vere eit kraftsenter for dans i regionen, og du kan vere med å bidra til vekst og innovasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i jazz, moderne, barnedans og urbane stilar
  • Fagleg ansvar og engasjement for utviklinga til elevane og dansefaget
  • Utvikle fordjupingsprogrammet «Hallingdal Dansekompani»
  • Prosjektleiar for framsyningar/prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå høgskule/universitet i dans og pedagogikk
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Ål kommune har nynorsk som målform

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • god grunnleggande danseteknikk og har inngåande kunnskap om dans
  • god fysisk form, formidlingsevne, kreativitet, og musikalsk forståing
  • evne til å møte elevane med tillit og varme og underviser på måtar som skapar mestring, motivasjon og glede
  • engasjert og kreativ, fleksibel og løysingsorientert
  • lagspelar med gode samarbeidsevner, og du er god på relasjonsbygging
  • sjølvstendig, systematisk og strukturert og har sterk gjennomføringsevne
  • erfaring frå prosjektleiing og  administrativt arbeid
  • evne til å tenke stort og framtidsretta

Me tilbyr

  • Ål kommune er årets kulturkommune og har kultur for kultur!
  • Fantastiske lokale! Ein stor dansesal på 120m2, ein på 70m2 og ein egen scene for dans.
  • Moglegheit for samarbeid med profesjonelle aktørar og dansarar frå heile verda som har residens på Ål kulturhus
  • Samlokalisering i Sprang; produksjons- og visningsscene for dans
  • Over 200 danseglade og dyktige kulturskuleelevar som er ivrige til å lære meir i eit godt og utviklande dansemiljø
  • Eit rikt miljø som tek vare på dansen, kunsten og kvarandre

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn ved tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. klikk på "Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert fortløpande kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden. 

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord