Vatn er ein av våre viktigaste ressursar. Saman med oss vil du sørga for god vasskvalitet og bidra til å ivareta naturen i Hallingdal. Dine oppgåver er å følgje opp vassdirektivet, handsame utsleppssøknadar og føre tilsyn med private avløpsanlegg. Fine sommardagar kan du stikke frå kontoret og vera ute i felt. 

Avdelinga er vertskap for kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning (KAV) for kommunane Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå, lokalisert på Torpomoen.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn og oppfølging av små og store avløpsanlegg
  • Kartlegging og oppfølging av oljeutskiljar
  • Sakshandsaming for små avløpsanlegg
  • Rapportskriving etter tilsyn

Me ønskjer at du:

  • har relevant utdanning, praksis eller erfaring – ingeniør, byggfag, røyrleggjar, graveentreprenør med ADK-sertifikat
  • har erfaring frå avløpssaker og kommunal sakshandsaming
  • har kjennskap til ulike reinseprosessar i større avløpsreinseanlegg
  • har gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar:

  • vilje og evne til å lære nytt
  • er serviceinnstilt, ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg på norsk
  • likar og har evne til å koma i kontakt med andre

Me tilbyr:

  • arbeid ute i felt i sumarhalvåret
  • et arbeidsmiljø preget av godt humor og trivsel
  • varierte, spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • fagleg og personleg utvikling
  • løn etter avtale og gunstig pensjonsordning

 

Søkjarar må ha førarkort for bil.

 

Send søknad:

Bruk elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden på heimesida til Ål kommune. 

Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og eventuelt tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.

Søkjarar som ynsker å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

Velkomen som søkjar!

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord