Gol kommune Kulturavdelinga

Bibliotekar 100 % fast stilling

  • Heltid
Gol
aug 15, 2021

Org.nr.:974607964 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Gol bibliotek er eit kombinert folkebibliotek og skulebibliotek for Gol vidaregåande skule, Læringssenteret Gol og grunnskulen i Gol med biblioteksjef og 2,8 bibliotekarar.
Biblioteket opplever aukande besøk og har gode moglegheiter til å bli ein enda meir sentral del av kommunens kulturtilbod. Vi har eit nært fagleg samarbeid med andre bibliotek i Hallingdal, eit aktivt miljø, og vi ser fram til at vi blir fleire som kan utvikle dette.

Vi søker ein bibliotekar med primært ansvar for bibliotektenesta for Gol vidaregåande skule. I tillegg til samarbeidet med skulen sine avdelingar om faglitteratur og rettleiing av tilsette og elevar, vil bibliotekaren vera ein viktig samarbeidspartnar og bidragsytar i arbeidet med språk, litteratur, leselyst og kjeldebruk.

Den som blir tilsett er del av eit team som deler ansvar for mellom anna publikumsretta aktivitetar knytt til ulike arrangement, skrankevakter og registreringsoppgåver. Kvelds- og laurdagsvakter må påreknast.

Bibliotekar 100 fast % stilling

Arbeidsoppgåver:
• Aktiv deltakar i bibliotekutvikling for framtida.
• Publikumsarbeid, arrangement og aktivitetar, mellom anna Den kulturelle skulesekken.
• Opplæring og rettleiing av elevar, lærarar og andre brukargrupper.
• Samarbeid med Gol vidaregåande skule .
• Bestilling og handsaming av digitale ressursar til enkelte elevar.
• Samarbeid med andre verksemder, lag og organisasjonar.
• Kvelds- og laurdagsarbeid etter vaktplan.
• Andre oppgåver.

Kvalifikasjonar:
• Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande høgare utdanning.
• Gode ikt-kunnskapar

Vi søker etter deg som:
• kan kommunisere godt med både elevar og kollegaer, og som trivast i klasseromssituasjonen.
• er allsidig og utadretta
• har evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:
• Ein unik sjanse til å vere med å utvikle eit moderne kombinasjonsbibliotek saman med gode kollegaer.
• Gol kommune tilbyr god pensjonsordning og kan hjelpe til med å skaffe bustad og evt. barnehageplass.

For stillinga gjeld:
• Tilsetting som bibliotekar i Gol kommune etter gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.
• Tidspunkt for tiltreding kan diskuterast.

Løn etter avtale.

Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Karin Bjørge, Tlf: +47 32029280, Epost: karin.bjorge@gol.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-08-15T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol kommune Kulturavdelinga
Adresse:
Gamlevegen 4, 3550

«Gol er ein god stad å bu for alle»
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule

Om søknaden

Publisert:
22.06.2021
Sist endret:
05.08.2021