Site logo

I Ål kommune legg vi vekt på at alle barn blir rotfesta og flygedyktige.Barnehagane i Ål set leik, læring, samspel, meistring og medverknad i fokus; der personalet arbeider tett på barna, for å bidra til trivsel, utvikling, leik og læring.

Sundre barnehage har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar, med pedagogisk leiar ansvar, med oppstart så snart som råd eller etter avtale. Som pedagogisk leiar i Sundre barnehage er du ansvarleg for å leie og iverksette det pedagogiske arbeide på ei avdeling. Du med på å skape eit trygt og godt miljø for alle våre barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.

Sundre barnehage består av seks avdelingar, med for tida 75 barn. Du vil bli ein del av ei personalgruppe på omkring 36 tilsette, i ulike stillingar. Vi arbeider med arbeidsglede, leik og korleis du og eg kan medverke til gode kår for leiken hjå barn og gode kår for arbeidsglede hjå kvarandre. Vi og resten av oppvekstsektoren har dei siste åra arbeid med å implementere «Styrkebasert tankesett». «Styrkebasert tankesett» er ei relasjonell tilnærming til læring- og endringsarbeid, der fokus er å ta i bruk kvar enkelt si styrke. Vi arbeider for å skape eit inkluderande barnehagemiljø, der alle barn skal ha gode kår for å oppleve eit fellesskap og kan etablere gode leikerutiner. Vår visjon er «Leik, lær og le – le, lær og leik», her skal vi som tilsette støtte og vere saman med barna i leik og aktivitet gjennom dagen, slik at barna trivs, lærer og utviklar seg. Støtta er ein del av ei heilskapleg tilnærming til læring.

Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Kvalifikasjonar:

  • utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
  • heldt deg fagleg oppdatert
  • kjenner til gjeldande lovverk og rammer gjeldande for barnehage

Personlege eigenskapar:
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

  • brenn for barnehageyrket og barnas beste
  • er glad i barn og har evne til å arbeide relasjonelt med barn
  • er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik
  • bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk)

Vi tilbyr:

  • ein barnehage som arbeider for å ha eit fagleg miljø med breidde
  • fadder på arbeidsplassen
  • ei personalgruppe som arbeider for å vidareutvikle seg
  • eit spesialpedagogisk team i barnehage som følgjer opp det spesialpedagogiske arbeidet
  • ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs
  • ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen
  • meningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer
  • ein kvardag der på psykologisk tryggleik har ein naturleg plass
  • hjelp til å finne bustad
  • pensjonsordning i KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
  • gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål Kommune gjennom kurs og videreutdanning

 Søknad og politiattest:

  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password