Site logo

Gol barnehage har ledig fast stilling som assisterande styrer frå august 2024.
Utlysinga gjeld også pedagogstilling som kan bli ledig.

Gol barnehage er felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane; Breidokk barnehage med eigen naturavdeling, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen ca. 1 – 5/6 år. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.

I Gol barnehage arbeidar vi med ein kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltar i regionale utviklingsprosjekt og er med i den nasjonale satsinga kompetanseløftet, Inkluderande praksis både regionalt og lokalt. .

Innhald i stillingane: Assisterande styrer er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehage og i leiargruppa til Gol barnehage. Assisterande styrer vil i samarbeid med styrar ha ansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogane for heile barnehagen. I tillegg er assisterande styrer pedagogisk leiar for ein avdeling og skal samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med ein anna pedagog.

Dine kvalifikasjonar:
• Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
• Erfaring frå barnehage
• Kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
• Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi ynskjer oss av deg:
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
• Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med tilsette og foreldra.
• Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid – deltakande i vidareføring og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt
• Kreativ og leken, samtidig som du kan være en tydeleg vaksenperson.
• Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
• Er interessert i barns utvikling og medverking.
• Bidrar til et raust arbeidsklima.
• Er fleksibel

Vi kan tilby:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Løn etter utdanning og praksis
• Rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
• Stillingsbeskriving

Anna:
• Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje
• Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid
• Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
• Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir brukt.
• Alle søkare vil få kvittering på at søknaden er mottatt dersom det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password