Vil du vere med å vidareutvikle læringsarenaen for barn og unge i Ål?

Det er ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor ved Ål ungdomsskule.

Ved Ål ungdomsskule er det høg trivsel blant både tilsette og elevar. Me er utviklingsorientert og du vil som assisterande rektor bli ein del av eit leiarteam. Samhandling med tilsette, elevar, føresette og administrasjon, vil ha fokus på å utvikle Ål ungdomsskule til ein skule for framtida. Du vil også få ansvar for spennande administrative oppgåver og saman med rektor utvikle arbeidet med spesialundervisning.

Det overordna målet er at alle elevar skal lykkast med sin skulegang. Arbeidsoppgåver er dagleg drift og utvikling av skulen som t.d. bemanning, organisering av undervisning, timeplantekniske endringar og andre aktuelle administrative oppgåver etter avtale. Den som vert tilsett vil vere deltakar i skuleleiarforumet i kommunen og ein medspelar i det overordna utviklingsarbeidet for skulane i Ål. Det kan også ligge undervisningsoppgåver til stillinga ut frå ei heilskapleg vurdering. Assisterande rektor fungerer som rektor i rektor sitt fråvær.

Ål ungdomsskule er ein ungdomsskule med ca. 200 elevar og 40 tilsette. Det er tredeling på kvart av dei tre trinna. Praksisnær undervisning og styrkebasert tenkesett er vektlagt i arbeidet med fagfornyinga. For meir informasjon om Ål ungdomsskule, sjå www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse
  • ynskjeleg med utdanning og/eller erfaring frå leiing og administrasjon
  • ynskjeleg med kunnskap og erfaring innanfor praksisnær læring
  • ynskeleg med kunnskap og erfaring innan spesialpedagogikk
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ål kommune nyttar nynorsk skriftspråk

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ynskjer at du:

  • har evne til å byggje gode relasjonar til både elevar, føresette og kollegaer
  • er engasjert og nyskapande, og har evne til å inspirere andre
  • kan arbeide målretta, systematisk og effektivt
  • har føresetnader for å bidra til god ressurs- og økonomistyring
  • tek ansvar og arbeider sjølvstendig, men også samtidig teamorientert
  • har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
  • ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Me tilbyr 
Lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar og godt elev- og arbeidsmiljø. Ål-skulen driv kompetanseheving og utvikling gjennom arbeid i nettverk internt, på tvers av skular i Ål og regionalt i Hallingdal.

Lønnsvilkår
Lønn etter avtale. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i SPK. Tilsetting i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Politiattest
Den som blir tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vil bli makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad, gå in n via " Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord