Site logo

Heimetenester yter nødvendig helsehjelp til kommunens heimebuande innbyggjarar etter vedtak. Helse- og omsorg-sektoren i Gol er nå inne i ein prosess kalla «tenestekonseptutvikling», der vi arbeider med ei framtidsretta organisering av tenestene, ei organisering som også tek høgde for dei nye utfordringane kommunane vil møte i framtida. Kommunane i Hallingdal har eit utstrekt samarbeid på mange område, og arbeider for å løyse nokon av utfordringane i fellesskap.

Heimetenesta ynsker å yte tenester med fokus på kvardagsmeistring, førebygging og bistå innbyggjarane slik at dei kan bu lengst mogeleg i egen heim. Avdelinga må derfor ha eit robust fagmiljø med tilhøyrande dyktige fagpersonar og stødige leiarar.

For å kunne væra ei heimeteneste som yter tenester av høg kvalitet arbeider vi kontinuerleg for å fortsette å ha eit godt arbeidsmiljø med god trivsel og samhald.

Arbeidsoppgåver:
• Leie verksemda i tråd med overordna planer og sørgje for at pålagte oppgåver skjer i samsvar med gjeldande faglege og rettslege rammer.
• Sikre god rekruttering og eit godt arbeidsmiljø som gir utgangspunkt for fagleg og personleg utvikling for alle medarbeidarar.
• Hovudansvar for å organisere tilsette slik at det alltid er rett kompetanse er på plass til rett tid.
• Medverke i fordeling av arbeidsoppgåver i avdelinga.
• Være ein viktig samhandlingsspelar på tvers av avdelingane i sektoren.
• Medverke i implementeringa av nye arbeidsverktøy og løysingar.
• Støttespelar for tilsette i krevjande arbeidsutfordringar.
• Sjå og fremje moglegheiter for utvikling av avdelinga på lang sikt og kort sikt.
• Stedfortreder ved avdelingsleiars fråvær.
• Bistå på kort varsel i pleie- og omsorgsoppgåver ved fråvær av faste tilsette.

Kvalifikasjonar:
• Fullført utdanning innan helse og omsorgsfag
• Ynskjeleg med leiarerfaring
• God førestellingsevne i norsk, munnleg og skriftleg
• Gode digitale ferdigheiter
• Førarkort klasse B

Vi søkjer (personlege eigenskapar):
Du:
• Arbeider konstruktivt under press, og når du møter motgang.
• Utviklar effektive, fornuftige og praktiske løysningar på problem.
• Utviklar realistiske planer med både korte og langsiktige tidshorisontar.
• Relaterer til andre på en open og aksepterande måte, og får andre til å føle seg velkommen.
• Formidlar informasjon med klarheit og lettheit, både munnleg og skriftleg.
• Identifiserer og handlar på uløyste problemstillingar.

Vi tilbyr:
• Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Lønn og tilsetjingsvilkår etter avtale
• God pensjonsordning

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram – i dei stillingane det trengs
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attester
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom rett e-postadresse er fylt ut.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit gol.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password