Site logo

Brenn du for god eldreomsorg? Ønsker du å være med på å forme framtidas sjukeheim?

Det er nå ledig stilling som assisterande avdelingsleiar – Avdeling Gjestetunet. Her vil du få ein fantastisk moglegheit til å aktivt leie som avdelingsleiar sin næraste støttespelar.

Kva er jobben?

Assisterande avdelingsleiar skal bidra til det heilskaplege tenestetilbodet i avdelinga.

Dette vil innebere mellom anna å:

  • ha særleg ansvar for oppfølging av brukarretta vedtak, fagoppfølging og bruk av dokumentasjon og styringsreiskap
  • saman med avdelingsleiar ha ansvar for den daglege, praktiske drifta av avdelinga, organisering av personalet/arbeidsfordeling
  • legge til rette for internundervisning
  • bidra til innovasjon og tenesteutvikling
  • saman med avdelingsleiar sørgje for at avdelinga blir drive innanfor tildelte økonomiske rammer
  • bidra til at drifta blir gjennomført etter gjeldande kvalitetskrav og lovverk
  • sjå til at ernæringsjournalar, tiltaksplanar m.m. bli gjort, og rettleie og støtte personalet i dette
  • leggje til rette for godt tverrfagleg samarbeid mellom de ulike yrkesgruppene og instansar
  • representerer /leie avdelinga i interne og eksterne møter etter avtale med avdelingsleiar og vere avdelingsleiar sin vikar

Kven er du?

  • du har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning (for eksempel klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens).  Søkjarar med annan bachelor innan helse -og/eller sosialfag vil og bli vurdert
  • du har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne, minimum C1- nivå
  • du har erfaring, god innsikt og forståing for menneskjer med ulike helseutfordringar 
  • du er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • du trivst med utfordringar og er løysingsorientert
  • du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • du kan tenke langsiktig

Kanskje har du og…

  • leiarutdanning
  • rettleiarkompetanse
  • kunnskap og erfaring knytt personalforvaltning.
  • kjennskap til turnuslovgjevnad og økonomisk styring

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Kva tilbyr vi?

  • konkurransedyktig lønn og pensjonsordning i KLP
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • tilrettelagde og nye lokalar
  • hjelp til å skaffe bustad
  • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter

Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du på vår heimeside.

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta gjerne kontakt med oss.

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password