Då treng me deg i vår Velkomstklasse på Nedre-Ål skule.
Ved Nedre-Ål skule er det to velkomstklassar, 1.-4 trinn og 5.- 7. trinn, med elevar frå Ukraina og andre nasjonalitetar. Elevane er ei blanding av busette flyktningar og elevar som bur på mottak i Ål kommune. Desse elevane får oppfylging av eige team sett saman av lærarar og assistent/fagarbeidarar. Pr. no har me om lag 20 elevar fordelt på desse klassane. Det er 220 elevar totalt og 45 tilsette, som jobbar for å skape kreative og gode dagar for store og små.
Ål kommune har sagt ja til å busette fleire utover våren og me forventar ei auke i elevtalet.
Skula vår ligg i naturskjønne omgjevnader, midt i Hallingdal, med eit rikt tilbod innan kultur, natur og friluftsliv.
Arbeidsoppgåver
- støtte, tilrettelegging og oppfylging i undervisninga
- oppfylging på SFO før og etter skuletid
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:
- relasjonar
- samarbeid
- inkludering
Kvalifikasjonar
- kjennskap til det norske utdanningssystemet
- språkferdigheiter i norsk, russisk eller arabisk er ein fordel men ikkje naudsynt
Me tilbyr
- ein skule med godt og utviklande arbeidsmiljø
- garantert barnehageplass og hjelp til å finne bustad
- gunstig pensjonsordning i KLP/SP
- arbeidsforholda er regulert av sentralt avtaleverk
- hjelp til å finne bustad
Politiattest og søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her