Me søker no etter leiar for Ål Kulturhus.

Ål kulturhus er eit levande regionalt kulturhus for heile Hallingdal – og er fylt av liv og aktivitet frå morgon til kveld. Du får vere med på å skape levande og magiske augeblikk, og vere ein del av eit kreativt og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer i våre flotte lokaler midt i Ål sentrum. Ål kommune driftar Ål kulturhus og leiar rapporterer til kultursjef. Som leiar for kulturhuset, ser me etter deg som er utviklingsorientert, har brei kulturfagleg forståing og veldig gjerne med leiarkompetanse.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • fylle huset med aktivitet ved å planlegge, koordinere og gjennomføre arrangement
  • overordna kunstnarleg, økonomisk og administrativt ansvar for Ål kulturhus
  • skape gode møteplassar for profesjonelle og frivillige aktørar i kulturlivet
  • vidareutvikle vertskapsrollen for besøkande, publikum og artistar
  • saman med leiar for Sprang, jobbe med danseprogram og utvikle publikum
  • personalansvar for sju motiverte og kompetente medarbeidere
  • samhandle med dei øvrige aktørane på huset
  • vidareutvikle og oppretthalde Ål kulturhus som ein viktig kulturaktør regionalt og nasjonalt

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning og/eller relevant arbeidserfaring
  • relevant fagbakgrunn: Kulturfagleg, marknadsføring og/eller kreativ næringsutvikling
  • leiarerfaring er ynskjeleg
  • erfaring frå prosjektleiing og/eller publikumsutvikling
  • fordel med kjennskap til booking

Personlege eigenskapar

  • du er ein god lagbyggar
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • nyskapande og utviklingsorientert
  • skape, bygge og ta vare på gode relasjonar, internt og eksternt
  • du motiverer og inspirerer andre
  • evne til å arbeide systematisk, strukturert og strategisk
  • god økonomiforståing
  • løysingsorientert, handlekraftig og beslutningsdyktig

Me tilbyr

  • fleksibel arbeidstid
  • deltaking i Ål kommune sitt eigne leiarprogram og kursrekker
  • hjelp med å flytte til Ål (Flytt til Ål! – Ål kommune (aal.kommune.no)
  • garantert barnehageplass
  • gunstig pensjonsordning i KLP
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovedtariffavtala

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord