Site logo

Hendug søker etter ein ny kollega som kan ta seg av forskjellig kontorarbeid, praktisk personaloppfølging og kanskje noko til?

Hendug tilbyr deg
Konkurransedyktig løn, bonus og utvida pensjonsordning
Unike arbeidsdagar med interessante utfordringar og varierte oppgåver
Ein Miljøfyrtårn-sertifisert og trygg arbeidsplass med fokus på HMS
Godt arbeidsmiljø med norsk som arbeidsspråk, og knakande flinke og trivelege kollegaer i alle aldrar og med godt humør!

Krav til deg
Erfaring med bruk av datamaskin (EDB) og gjerne jobba litt med rekneskapsarbeid
Blid, godt humør og serviceinnstilt
Vera nøyaktig og opptatt av kvalitet og at ting er på stell
Sjølvgåande, løysingsorientert og god til å samarbeide

Arbeidsoppgåver og ansvar
Vera med på å køyre løn, fakturere og betale rekningar
Praktisk personaloppfølging: Folk inn og ut av Hendug og i våre system, pensjons– og forsikringsordningar, sjuke-meldingar og permisjonar
Ta i mot kundar og andre gjestar fysisk og på telefon
Litt forskjellig kontorarbeid, og kanskje kan du meir som Hendug kan ha glede av?

Praktisk
Stillingsprosent: 50-100% etter kor mykje du kan gjera for Hendug
Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor i blant
Oppstart så snøgt som mogleg (etter avtale)

Send kortfatta søknad og CV ved å nytte skjemaet på nettsida vår eller send til post@hendug.no
Søknadsfrist: 25. april 2025

Job Overview

 

Om stillingen

 

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Sign Up

Forgotten Password