Site logo

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar i 30 % stilling som ungdomsarbeider i Ål ungdomsfrivilligsentral. Vi søkjer deg som trivst saman med barn og ungdom. Du likar å ta ein prat, le, og ikkje minst ta dei på alvor og lytte på det dei har å seie. Du er reflektert, til stades og god til å rettleie ungdom i kvardagen. Du må ha evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit godt sosialt fellesskap der alle blir inkludert.

Arbeidsoppgåver:

  • HallUng junior- og ungdomsklubb på Ål kulturhus
  • Aktivitetar i skuleferien
  • Arbeidstid vil vere i hovudsak ettermiddag og kveld

Kvalifikasjonar:
Ingen spesielle krav om utdanning, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge.

Eigenskapar:
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:

  • interesse for førebyggande arbeid for barn og ungdom
  • gode evner til å skape relasjonar
  • er ein trygg vaksen
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er lojal og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • evne til å arbeide sjølvstendig  
  • kan uttrykke seg godt på norsk

Vi tilbyr:

  • interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • arbeid i ein kommune som set frivilligsentralen si verksemd høgt
  • varierte fleksible arbeidstider
  • godt arbeidsmiljø
  • løn etter gjeldande tariffavtale

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt om du har spørsmål til stillinga.
Dagleg leiar Turid Hilde Gåsbakk tlf: 476 37 249 eller epost: thg@aal.kommune.no  

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password