Hallinghelse, Mobilt Ferdigheitsteam lyser ut 50% prosjektstilling innan fagfeltet juridisk kompetanse.

Vil du vere med å styrke den juridiske kompetansen innan kvalitetsarbeid, forvaltning og tildeling av tenester i helse og omsorgstenestene i Hallingdal i samsvar med framtidas utfordringar?

Vi kan tilby ein spanande prosjektstilling i eit innovativt tverrfagleg miljø i Hallinghelse / mobilt ferdigheitsteam.

 Kvalifikasjonar:

  • juriisk embetseksamen / master i rettsvitenskap
  • erfaring innan helserett, saksbehandling og forvaltning, gjerne med erfaring frå kommunehelsetjenesten
  • engasjement for arbeid som kan styrke kvaliteten på helsetenestene.erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • erfaring med undervisning eller anna relevant erfaring, god formidlingsevne
  • kjennskap til interkommunalt samarbeid
  • engasjement for fagleg utvikling
  • entusiastisk og ansvarsbevisst, og glad i å jobbe både sjølvstendig og i team
  • førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr:

  • stort ansvar og spennande arbeidsoppgåver
    eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø
  • innovativt og høgt faglig kompetansemiljø
  • mulighet til faglig og personlig utvikling
  • fleksibel arbeidskvardag
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP

Om prosjektet

Mobilt Ferdigheitsteam, Hallinghelse, har no med midlar frå statsforvalteren ein ledig prosjektstilling for fagområdet juridisk kompetanse retta mot helsetenestene. Mobilt ferdigheitsteam starta som eit prosjekt hausten 2020 med fokus på ferdigheitstrening blant helsepersonell i Hallingdal. Ferdigheitsteamet reiser rundt til ulike delar av helse- og omsorgstenestene i dei seks kommunane og tilbyr ferdigheitstrening på bestilling, eller tilpassa undervisning. No ynskjer me å utvide nedslagsfeltet med kompetanse som kan dekke behovet for ferdigheitstrening og kompetanseheving innan juridisk kompetanse.

Arbeidet vil starte med ein kartleggingsprosess av behov for kursing og kompetanseheving på ulike fagfelt, som til dømes kan vere dokumentasjonsplikt, sakshandsaming, vedtaksskriving, klagehandsaming og lovverk. Stillinga skal dekke behovet i dei ulike kommunane, og ein vil sjølv ha stor innverknad på korleis stillinga vert utforma.

Målet er at kommunane ved hjelp av ein interkommunal ressurs skal få bistand til å yte helsehjelp der personvern og lovverk vert ivareteke, og tenestemottakar får helsehjelp til rett tid. Ved å skape trygge rom for trening og samhandling vil vi kunne betre desse tenestene og auke kompetansen på fagfeltet.

 Om oss

Hallinghelse er eit interkommunalt samarbeidstiltak for dei seks kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Hallinghelse skal ta initiativ til og koordinere samhandlingstiltak innan helse- helsefremjande tiltak, folkehelse og kompetanseheving mellom dei seks kommunane. Hallinghelse skal også fremje samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta (Vestre Viken Helseføretak (VVHF)). Hallinghelse er med på å gjere det mogleg for distriktskommunar å tilby eit nyskapande, innovativt fagmiljø med fokus på samhandling og samarbeid mellom kommunane. Hallinghelse har kontorlokaler på Torpomoen i Ål kommune. 

 Send søknad

Send søknad  og CV til Ål kommune, postmottak, Torget 1, 3570 Ål eller e-post til postmottak@aal.kommune.no. Søkere som ønsker å vere unntatt offentllighet må grunngi dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysninger om søkere bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om å ikke bli ført opp på søkerlista, men dette vil du i såfall få et varsel om.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord