Mobilt Ferdigheitsteam starta som eit prosjekt hausten 2019 med fokus på ferdigheitstrening blant helsepersonell i Hallingdal. Mobilt Ferdigheitsteam reiser rundt til ulike delar av helse- og omsorgstenestene i dei seks kommunane i Hallingdal og tilbyr ferdigheitstrening på bestilling, eller tilbyr ferdig undervisningsopplegg som mellom anna ferievikaropplæring. Mobilt Ferdigheitsteam går no over i drift og skal utviklast med to faste stillingar i 40%. Desse kjem til å samarbeide tett, men du har og moglegheit til å utvikle og påverke stillinga med dei fagområder du har erfaring og engasjement i.

Hallinghelse er eit interkommunalt samarbeidstiltak for dei seks kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Hallinghelse skal ta initiativ til og koordinere samhandlingstiltak innan helse- og omsorg og folkehelse mellom dei seks kommunane. Hallinghelse skal også fremje samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta (Vestre Viken Helseføretak (VVHF)). Hallinghelse er med på å gjere det mogleg å vere små kommunar og likevel tilby gode tenester og eit nyskapande, innovativt fagmiljø.

Hallinghelse har no ledig to faste 40%- stillingar i Mobilt Ferdigheitsteam med moglegheit for rask oppstart.

Som tilsett i Mobilt Ferdigheitsteam vil du vere ein av to faste tilsette som arbeider med ferdigheitstrening for helsepersonell på tvers av dei seks kommunane i Hallingdal. Stillinga let seg godt kombinere med turnusstilling.

Stillinga inneber mellom anna undervisning, opplæring og ferdigheitstrening til alle faggrupper innanfor helse i Hallingdal. Du skal sørge for faglig utvikling og oppdatering, og dekke kommunanes behov for ferdigheitstrening. Mobilt ferdigheitsteam er ein del av teamet i Hallinghelse, og vil ha base på vårt kontorfellesskap på Torpomoen i Ål. Vertskommune for stillinga er Ål kommune.

Kvalifikasjonar: 

  • bachelor i sjukepleie, gjerne med vidareutdanning. Anna erfaring frå akuttmedisinkjeda kan bli vurdert
  • erfaring med undervisning eller anna relevant erfaring.
  • kjennskap til interkommunalt samarbeid
  • engasjement for fagleg utvikling
  • god formidlingsevne
  • det er ein fordel om du er utdanna HLR-instruktør
  • er entusiastisk og ansvarsbevisst, og glad i å jobbe både sjølvstendig og i team
  • førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr:

  • stort ansvar og spennande arbeidsoppgåver med fokus på fagutvikling og kvalitet
  • eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidskvardag
  • Lønn etter avtale med kommunale løns- og tilsetjingsvilkår
  • eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
  •  god barnehagedekning
  • hjelp til å finne bustad

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.

 

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord