100% vikariat – Servicetorget
VikariatEr du serviceinnstilt, og likar å omgås folk samt yte god service? Då ynskjer me at du søkjer den ledige vikarstillinga som konsulent i avdeling Servicetenester.
Vi er eit team med stort engasjement for det vi driv med. Vi er på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv medarbeidar som ynskjer å bidra til å gje innbyggjarar og tilsette tenester av topp kvalitet.
Arbeidsoppgåver
- svare på spørsmål på telefon og frå publikum på servicetorget
- informasjonsarbeid ved bruk av digitale media
- administrative oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- god IT- og systemforståing
- gjerne fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget eller anna relevant utdanning.
Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
- Svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og du viser stor grad av serviceinnstilling.
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og jobbar godt sjølvstendig, strukturert og systematisk.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar hjå søkjarane.
Me tilbyr
- jobb i ein utviklingsorientert kommune med gode tilbod for innbyggjarane
- varierte arbeidsoppgåver
- arbeidsmiljø prega av humor og arbeidsglede
- vikariat i 100% stilling ut året med moglegheit for forlenging
Oppstart snarast mogleg.
Lønsvilkår
Løn etter tariffavtale og innmelding i KLP.
Link til søknadsskjema: Søk her