Site logo
Om arbeidsgiveren

 IKT Hallingdal leverer tenester og IKT-løysingar for 5.000 tilsette og elevar i kommunane og interkommunale verksemder i Hallingdal. Geografisk spenner området over kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Gol kommune er arbeidsgjevar og vertskommune for dei 16 tilsette ved IKT Hallingdal. Her er administrasjonen av datasentera, forvaltning av eit hundretals små og store komplekse fagsystem, drift av digitale verktøy og maskinvare for tilsette og elevar, overvaking og drift av det interkommunale nettverket (LAN/WAN), tenester som felles samhandlings- og kommunikasjonssystem, skytenester frå leverandørane nasjonalt og globalt, og ikkje minst servicedesk som tek i mot og handsamar 15.000 saker kvart år. IKT Hallingdal er godkjent læreverksemd for lærlingar.

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nøkkeldata
We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password