Dagleg leiar TID kafe & landhandel, 100 % . Vikariat med moglegheit for forlenging.
VikariatDagleg leiar TID kafé & landhandel AS 100% (vikariat med moglegheit for forlenging)
TID kafé og landhandel ligg i hjartet av Ål sentrum. Kaféen har ca 125 sitteplassar, eigen konsertscene, heimlaga mat, kaker og baristakaffe. Landhandel tilbyr lokalmat, varer i lausvekt, økologiske varer og fairtrade-produkt m.m. I kaféen har me gjenbruksmøblar, redesign, leikekrok for barn. I tillegg til å vere ein alminneleg kafé for lokalbefolkning og turistar, er kaféen ein arena for språkpraksis og arbeidstrening gjennom TID stiftelsen, som eig kafeen. Dagleg leiar samarbeider med stiftelsen, men har ikkje ansvar for folk i praksis. Arbeidsmiljøet er prega av tillit, openheit og takhøgde.
Me søker ein engasjert og motivert dagleg leiar for vår TID kafé & landhandel, som er opptatt av å skape minneverdige opplevingar gjennom mat, drikke og gjestfridom. Du må ha eit ynskje om å utvikle og implementere salsfremmande aktivitetar for å tiltrekke nye kundar og halde på eksisterande. Me søker ein leiar som er løysningsorientert og som har gode samarbeidsevner og leiareigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
· Ansvarleg for dagleg drift og bemanningsplan
· Planlegge og følgje opp marknadsføring og sal
· Personalansvar og rekruttering av medarbeidarar
· Planlegge og følgje opp HMS for ein trygg arbeidsplass
· Kvalitetssikre produkt og tenester kaféen leverer
· Ansvar for økonomi: Budsjett, innkjøp, fakturering og rekneskap (ekstern rekneskapsførar)
· Rapportering til styret
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar
· Erfaring frå sal– og service
· Gjerne leiarerfaring
· Økonomisk innsikt og forståing, samt vere resultatorientert
· Engasjement for lokalmat, grøn innovasjon og sosialt entreprenørskap
· Strukturert og tydeleg
· Fleksibel og lærevillig
· Ein lagspelar som får fram det beste i kollegaer
· Evne til å leie og motivere andre
· Ansvarsfull og sjølvgåande.
Me kan tilby:
Vikariat 100% stilling med moglegheit for forlenging, med oppstart 1.august eller etter avtale. Unike arbeidsdagar med spennande utfordringar og varierte arbeidsoppgåver. Godt arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer i alle aldrar og med godt humør!
Lønn etter avtale.
Send ein kort søknad med CV og fortel om deg sjølv, din kompetanse og kvifor du ønsker å vere dagleg leiar for TID kafé & landhandel. Søknadsfrist: 15.05.2024
Mailadresse: Ambjorg.Flaata@modum.kommune.no
Tlf: 40 45 57 83 Adresse: TID kafe&landhandel AS, Myren 36, 3570 Ål