Ål kommune ser etter deg som har evne til nytenking, er initiativrik og finn løysingar. Du er utviklings- og resultatorientert i arbeidet med den pedagogiske verksemda og personalet. 

Visjonen for oppvekstsektoren er å bidra til at alle som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste. Bruke vengene for å få innsikt, vidsyn og perspektiv – feste røter for å meistre eigne liv og tru på eigne krefter. Skulen i Ål skal vera ein inspirerande føregangsskule, med fokus på langsiktig og systematisk utviklingsarbeid basert på forsking.

Ein skuleleiar i Ål er ein pådrivar for å oppnå resultat, tenke heilskapleg, kunne vera nyskapande og har evne til å gjennomføre vedtatte endringar. Leiaren må vera tydeleg om kva mål og forventningar som gjeld; og kunne skape gode relasjonar til elevar, tilsette, føresette og andre kompetansemiljø. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Du har gjerne innsikt i og evne til god økonomistyring. I samsvar med mål og forventningar vil rektor sørge for optimal utnytting av ressursane; og i samarbeid med elevar, føresette og tilsette ivareta skulens omdømme og plass i lokalmiljøet. I skulens adminstrasjon er det ei merkantil sekretærstilling på 100% samt assisterande rektorstilling på 100%. Det vil bli gitt fagstøtte og opplæring i økonomi innafor ansvarsområda frå sentraltenesta. 

Som rektor i Ål blir du ein del av eit rektorkollegium, og eit regionalt rektornettverk med god kollegastøtte. Strategidokumentet "Betre læring 2022-2025" er eit viktig styringsverktøy for oppvekstsektoren og skulane i Ål. Planverket skal styre og samordne innsatsen for – på beste måte – å ta hand om læringsmandatet. Rektor rapporterar til kommunalsjef for oppvekst. Tenkjer du at dette kan vere interessant og spennande, er Ål kommune rett stad for deg!

Kvalifikasjonar

  • minimum 3-årig bachelor i pedagogikk, lærarutdanning eller tilsvarande
  • ynskjeleg med godkjent kompetanse for undervisning i ungdomsskulen, jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til Opplæringslova kap.14 §§ 14-3
  • relevant leiarerfaring fortrinnsvis frå ungdomsskule
  • gjerne rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning
  • god kjennskap til relevant lovverk
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Me tilbyr

  • eit triveleg kollegium kor du er er med å utvikle oppvekstsektoren i Ål og regionen gjennom regionale nettverk
  • som rektor ilag med 11 andre avdelingsleiarar er du med på å utvikle oppvekstsektoren på Ål
  • Ål ungdommskule er ein skule med høg fagkompetanse og spennande profesjonsfellesskap
  • Ål kommune har også eigne leiarprogram og kursrekker
  • lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 

Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! – Ål kommune (aal.kommune.no)

 

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord