Ål Vidaregåande skole, Viken fylkeskommune

Vikariat elevassistent

  • Deltid

Org. nr: – Stillingsident: 4286374536 Presentasjon av stillingen:

Vi treng vikar for elevassistent i inntil 75% stilling !

Ål vidaregåande skole har frå 04.01.21 ledig vikariat i inntil 75% stilling som elevassistent. Stillinga som assistent skal dekke behov på både vg1, vg2 og påbygg til generell studiekompetanse. Vikariatet kan delast. Som elevassistent jobbar ein 100 % kvar dag jmfr. skuleruta (196 dagar) og har avspasering/fri når elevene ikkje har undervisning.

Ål vidaregåande skole er ein kombinert skule med ca 250 elevplassar fordelt på ca 20 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogram innan elektrofag, teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, salg, service og reiseliv, dessutan påbygg til generell studiekompetanse. Skulen har bibliotek og kantine.
Ved skulen er det totalt ca 60 medarbeidar som arbeider aktivt for å legge forholda til rette for at eleven skal trivast og ha eit godt lærings- og arbeidsmiljø gjennom skuleåret. Målet vårt er å drive ein skule der eleven blir sett i sentrum og der elevar og tilsette engasjerer seg for å skape ein god skule for alle.

Du finn meir informasjon om skulen på www.al.vgs.no.

Arbeidsoppgaver

Elevassistent innanfor alle fagområde skulen tilbyr. Stillinga som assistent skal dekke behov på både vg1, vg2 og påbygg.

I utgangspunktet ynskjer me oss ein assistent som kan bidra inn mot flest mogelege områder som ei yrkesfagleg vidaregåande skule har. Det vil seie både mot teoretiske og praktiske fag.

Arbeidsoppgåvene vil bli sett i samanheng med kva andre i tilsvarande stillingar har av kompetanse og kva for område som til ei kvar tid treng assistanse.

Kvalifikasjoner

  • relevant erfaring med elevar/ungdom vil bli vektlagt
  • interesse for arbeid med elevar med tilretteleggingsbehov
  • beherske godt norsk, både muntleg og skriftleg
  • personlege eigenskapar blir vektlagte
  • formell utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande utdanning vil vera ein fordel

Personlige egenskaper

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god til å skape positive relasjonar med andre
  • inkluderande og positivt elevsyn
  • kunne sjå ulike løysingar og muligheiter for den einskilde elev
  • utviklings- og løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig
  • romsleg, raus og fleksibel

Vi tilbyr

  • lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
  • for tilsetjing i skulen blir det kravd politiattest av nyare dato, jfr. Opplæringslova og Helsepersonellova

Kontaktinformasjon

Ranveig Hille, Tilretteleggingsleiar, 47617106

Arbeidssted

Klokkarbakken 7
3570 Ål

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Viken fylkeskommune

Referansenr.:4286374536
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 04.01.2021
Sluttdato: 18.06.2021
Søknadsfrist: 06.12.2020

Søknad

Søknadsfrist:
05.12.2020
Publisert:
20.11.2020
Sist endret:
02.12.2020

Om stillingen

Ansettelsesform:
Vikariat
Heltid/deltid:
Deltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Oppstart:
2021-01-04T00:00
Kommune:

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål Vidaregåande skole, Viken fylkeskommune
Adresse:
Klokkarbakken 7, 3570

Bli med på å utvikle Viken for våre innbyggere! Vi ønsker medarbeidere som tar en aktiv, engasjert, reflektert og ansvarlig rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtes mennesker med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape en region som viser vei.

Viken fylkeskommune ble etablert 01.01.2020 og er en stor arbeidsgiver med over 11 000 ansatte og 1,2 millioner innbyggere. Vi har ansvar for viktige samfunnsoppgaver som videregående opplæring, kollektivtransport og fylkesveier, tannhelsetjenester, regional planlegging, kultur og kulturminner.

Viken fylkeskommune er opptatt av mangfold, og vi oppfordrer derfor alle som er kvalifisert i henhold til stillingens krav, til å søke hos oss. Vi tilpasser arbeidsplassen om du har behov for det.

For ansettelse i skole og tannhelse kreves det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det fremkommer av din søknad at du ønsker konfidensiell behandling, gjør vi oppmerksom på følgende: Opplysninger om søker kan gjøres offentlig selv om søker har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.