Ål kommune

Vernepleiar / miljøterapeut – open søknad

  • Heltid
Ål
mai 11, 2021

Vi treng fleire vernepleiarer / miljøterapeutar

Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?
Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?

Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling?

Då vil vi ha deg med i laget – anten du har erfaring eller du er nyutdanna – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Om oss

Miljøterapitenesta tilbyr tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Dette inkluderer heildøgns tenestar, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand og opplæring samt pårørandestøtte. Hovudmålet for Miljøterapitenesta er å ivareta brukaren sitt behov for tryggleik, verdigheit, meistring og sosial liv ut frå den einskilde sine føresetnader. Miljøterapitenesta består av 2 team. Basen ligg i enden av Prestegardsjordet på Ål.

Avdeling Psykisk helse og rus har ei tverrfagleg gruppe på 10 personar og er ei lågterskelteneste der brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Dei fleste vert tilvist frå lege eller andre samarbeidspartar og vi har godt etablert samarbeid med spesialisttenesta. Avdelinga har også tenester til born og familiane deira, tek del i tverrfagleg arbeid i skular og barnehagar og driftar foreldrestøttande program. Psykisk helse har base i nabobygget til Ål helsesenter.

Til topps- leiarutviklingsprogram

Tilsette med høgskuleutdanning kan bli med i eit to-årig program om leiarutvikling med oppstart hausten 2021. Her vil du i seks heildagssamlingar få teoretisk kunnskap om ulike aspektar innan leiing og individuell rettleiing. Vidare vil du i andre året få høve til å vidareutvikling din teoretisk kunnskap gjennom refleksjonsmøter, erfaringsutveksling, casetrening og praksistrening i avdelinga.

Arbeidsoppgåver

Som vernepleiar / miljøterapeut i miljøverntenesta vil du få eit fagleg ansvar for ein eller fleire brukarar i tenesta. Du vil også kunne få eit koordinatoransvar, der mellom anna pårørandearbeid og individuell plan vil være nokre av arbeidsoppgåvene. Du må kunne ha evne til å rettleie og motivere medarbeidarane. Du bør like å jobbe både sjølvstendig, men også i team. Elles består arbeidsoppgåvene mellom anna av:

  • Bistå brukarene i gjennomføring av dagleglivets gjeremål og aktivitetstilbod.
  • Arbeide med å tilrettelegge tiltak og utvikle ferdigheiter, samt opprettholdelse av allerede erverva ferdigheiter hjå brukarane.
  • Legemiddelhandtering.

Som miljøterapeut i psykisk helse vil hovudoppgåvene tillagt stillinga er miljøarbeid for heimebuande som har utfordingar med rus og psykisk helse. Du kan også bli tillagt andre oppgåver avhengig av dine kvalifikasjonar og bakgrunn. Oppgåvene er varierte og mangfaldige der brukaren sjølv er delaktig i planlegging og utforming av tenestene sine.

Du skal bidra til å sikre godt samarbeid med fastlege, spesialistehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som vernepleiar.
  • helse og sosialfagleg helse-og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå.
    -ønskeleg med vidareutdanning og relevant arbeidserfaring
  • førarkort klasse B.
  • gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar- Det som kjennerteikner deg:

  • har brukarfokus, er fagleg engasjert og oppdatert.
  • er bevisst på dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig.
  • er fleksibel og løysingsorientert, og har god evne til omstilling.
  • kan vere i fysisk aktivitet.
  • har evne til å kunne handtere uforutsette hendingar, og stå i og tåle krevjande arbeidssituasjonar.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • dagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • stilling i turnus (forhandlingsturnus) og dagarbeidstilling
  • det kan leggast til rette for turnus med inntil 12 timars vakter
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest

For å få tiltre stillinga etter tilsettinga, må du levere gyldig politiattest som er nyare enn tre månader.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

Søknad

Søknadsfrist:
20.05.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune

Ål kommune er en utviklingsorientert arbeidsgiver for 650 engasjerte medarbeidere som er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet til alle innbyggere, unge som gamle. Ål kommune er rangert blant de 10 beste norske kommuner i UNICEFs rapport om kvaliteten i barns oppvekst- og levekår. Ål kommune fokuserer på stadig bedre læring, tverrfaglig arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av Ål kommune sitt pedagogiske tilbod. Helse- og omsorgssektoren er ein fagleg sterk og utviklingsorientert sektor, som driv spennande prosjekt med dagsaktuelle tema i fokus, som velferdsteknologi, aldersvennlige samfunn og ferdighetstrening for autorisert helsepersonell. Ål er kåra som ein av dei beste kulturkommunene i landet, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Les mer om oss her.

Om søknaden

Publisert:
26.04.2021
Sist endret:
11.05.2021