Hemsedal kommune

Undervisningsstillingar i grunnskulen frå 01.08.2021

  • Heltid
Hemsedal

Vi har for skuleåret 2021/22 eit uspesifisert tal ledige stillingar

Utlysinga gjeld vikariat og faste stillingar som kan verta ledig frå 01.08.21.

Skulane i Hemsedal

I Hemsedal er det eit godt utvikla tverretatleg samarbeid, og skulane ligg fint til med mykje fin natur rundt. Hemsedal barne- og ungdomsskule (5.-10. trinn) har 189 elevar. Tuv skule (1.-4. trinn) har 46 elevar og Ulsåk skule (1.-4. trinn) har 67 elevar.

Utviklingsarbeid: Alle grunnskulane har vore med i prosjektet Felles Løft i regi av Statped Sørøst der vi har hatt fokus på heilskapleg språk- og leseopplæring samt ordmeistringsmetoden. Dette arbeidet står fortsatt i fokus heilt til alle er trygge på praksis. Hausten 2021 vil Fag og fagfornying stå sentralt i utviklingsarbeidet. Vi arbeider for eit godt og trygt skulemiljø og deltek i pulje 4 inkluderende barnehage og skolemiljø, eit prosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. På Tuv og Ulsåk skular har dei aktivitetar med Trivselsleiar.

Vi er i gang med spennande arbeid der vi innan 2023 har sentralisert 1.-4. trinn. Ny skule skal stå ferdig 2022/2023 for 1.-10. trinn. Mellom anna derfor har vi samarbeid med Veilederkorpset som hjelper oss på ulike nivå mot å bli ein betre skule.

Vi ønskjer oss lærarar som i samarbeid med kollegaer og leiing vil ta del i vidareutvikling av skulane.

Kvalifikasjonar:

Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3.
Gje opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.

Ved tilsetjing vil vi prioritere dei søkjarane som dekkjer fag vi manglar.

Vi søkjer etter deg som:

  • har evne til å inspirere og vise omsorg
  • er tydeleg på klasseleiing og vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
  • vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • har engasjement for elevar med spesielle behov
  • har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
  • er nysgjerrig, skapande og tar ansvar

Skulen kan tilby:

  • fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
  • eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
  • Skooler som læringsplattform
  • god oppfølging og rettleiing av nye tilsette
  • kompetanseheving
  • kurs i nynorsk
  • hjelp til å finne bustad

Krav til dokumentasjon:

Den som vert tilsett i stilling innan skulen skal levere tuberkuloseskjema og kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve. Det er krav om politiattest jf. opplæringslova for skulen før ein startar i stillinga.

Det er krav om vitnemål og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn. Lønnsansiennitet blir sett til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.

Generell informasjon:

  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
  • Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
  • Nynorsk er tenestemål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar målforma
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta. Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.

www.hemsedal.kommune.no – sjå "ledige stillinger" for å registrere din søknad.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.

Søknad

Søknadsfrist:
07.03.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune

Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.

Om søknaden

Publisert:
03.02.2021
Sist endret:
28.02.2021