Tilkallingsvikar – Sjukepleiar
- Heltid
Vi søkjar fleire sjukepleiarar som kan jobbe som tilkallingsvikarar i pleie og omsorg og/eller på legekontoret.
Det er ønskeleg at du har mogelegheit til å jobbe i helgar og noko natt.
Vi søkjer:
- offentleg godkjente sjukepleiarar
- sjukepleiarar som er nyutdanna eller under utdaning
- søkjaren må kunne beherske norsk både skriftleg og munnleg
- sjukepleiarar som skal jobbe i pleie og omsorg må ha førarkort
Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:
Avtale som tilkallingshjelp inneber at Hemsedal kommune tek kontakt med arbeidstakaren ved behov for midlertidig tilsetjing, jf AML § 14-9.
Det er verksemda sitt behov som er utgangspunkt for førespurnaden til arbeidstakaren. Denne avtala inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i verksemda. Arbeidstakaren kan avslå førespurnaden utan at dette får nokon konsekvens. Arbeidsgjevar har rett til å inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre og verksemda står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Tilkallingsavtalen er saman med vaktprotokollen ei godkjent arbeidsavtale, og Hemsedal kommune har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til dokumentasjon:
For stilling som sjukepleier er det krav om gyldig politiattest jf. helse- og omsorgstjenestelova jf. helsepersonellova. Politiattest skal leverast før ein startar i stillinga.
Dei som tilsetjast i stillingar innan helse og omsorg kan bli pålagt å ta MRSA og tuberkulose prøve.
Det er krav om vitnemål/ autorisasjon og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn, lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Generell informasjon:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil ev. bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Om vi ved eit seinare høve legg ut ledige stillingar som er av din interesse, må du sende oss ein ny søknad sjølv om du tidlegare har vist oss interesse ved å søkje som tilkallingsvikar.