Ål kommune Oppvekstsektoren

Styrar i Sando barnehage

  • Heltid
Ål
des 6, 2021

Kan du tenke deg nye utfordringar for ein periode?

Det er ledig 100 % stilling som styrar i Sando barnehage. Stillinga er eit vikariat i peroden 01.03.2022-31.12.2022.

Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage i grenda Sando. Barnehagen har eit stort og variert uteområde og har kort veg til skog og ulike turmål. Barnehagen har fokus på IKT, natur, friluftsliv og fysisk aktivitet. Barnehagen har tilgang på eigen gymsal. Visjonen til Sando barnehage er «verdas beste start – eit hav av moglegheiter» og det vert lagt vekt på å skape eit miljø der kvart einskild barn blir sett, høyrt og teke på alvor. Betre læring er vår lokale oppvekstplan. Her er «tett og tidleg på» og «auka læringsutbytte» viktige mål. Hovudsatsinga er for tida «Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø».

For meir informasjon om Sando barnehage og barnehagetilbodet i Ål kommune, sjå www.aal.kommune.no

Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst. Arbeid i barnegruppene kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar
• Utdanning som barnehagelærar eller annan høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse
• Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning
• Gjerne leiarerfaring

Arbeidsoppgåver
• Overordna ansvar for drift av barnehagen
• Personal- og budsjettansvar
• Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet
• Vere aktiv deltakar i styrarforumet i kommunen
• Sikre godt foreldresamarbeid

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Det er ynskjeleg at styrar
• er oppdatert innanfor barnehagefeltet
• har evne til å leie utviklingsarbeid
• er ein tydeleg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere og inspirere til felles innsats
• har gode samarbeidsevner og kan skape gode relasjonar
• er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver
• har god formidlingsevne muntleg og skriftleg

Me tilbyr
• ein variert og utfordrande jobb
• gode vilkår for fagleg utvikling
• eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
• eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
• eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen
• leiarstøtte

Lønsvilkår
Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Det skal sendast elektronisk søknad. Velg "Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt til e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unntatt offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-12-06T00:00:00

Om stillingen

Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune Oppvekstsektoren
Adresse:
Torget 1, 3570

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell. Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Om søknaden

Publisert:
11.11.2021
Sist endret:
04.12.2021