Gol kommune Institusjonstenesta

Sommarvikar ved Institusjon

  • Heltid
Gol
apr 11, 2021

Org.nr.:964952612 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Vi ynskjer kontakt med personar som vil arbeide som ferievikarar hos oss i sommar. Vi treng personar som kan arbeide
både ved Gol Helsetun, Dagsenteret og Nattenesta.

Det er ein fordel med erfaring eller utdanning frå slikt arbeid, men ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt. Du kan gjerne
vera student, heimeverande eller pensjonist.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar for stillingane og krav om gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Søkjarane bør ha fylt 18 år når dei begynnar i jobben.

Vi ber om at du oppgjer kor du ønskjer å arbeide og at du opplyser om kva tidsrom du kan arbeide hjå oss (start og slutt).

For stillinga gjeld:
Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande reglement, lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-04-11T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Feriejobb
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol kommune Institusjonstenesta

«Gol er ein god stad å bu for alle»
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule

Om søknaden

Publisert:
23.02.2021
Sist endret:
09.03.2021