Hemsedal kommune

Sommarvikar – Miljøarbeider på Bråtenjordet

  • Heltid
Hemsedal
apr 30, 2021

Vi treng ca. 7 sommarvikarar til Bråtenjordet omsorgsbustader i sommar. Gode moglegheiter for vakter også utover hausten.

Stillinga vil innebere å jobbe med barn og vaksne med behov for praktisk bistand/miljøarbeid. Du vil være vikar i eit team rundt forskjellige brukarar.

Arbeidet inneber turnus med dag/kveld/natt arbeid. Ein del av vaktene er organisert som døgnarbeid og lange vakter.

Arbeidsoppgåver vil vere å sørgje for at det sosiale miljøet og kvardagen er lagt slik til rette at det kjem personar med spesielle behov til gode på best mogleg måte. Aktivisering, motivasjonsarbeid og bistand til daglege gjeremål blir viktig, også som ein del av undervisninga i skuletida. Arbeidsoppgåver vil krevje at den tilsette blir kjent med fagoppgåver slik som PECS, avtalestyring og EIBI. Det vil bli gitt opplæring på det.

Vi gjør oppmerksame på at intervju og tilsetting vil bli gjennomført fortløpande.
Alle søknadar vurderast ettersom de kjem inn og tildeling av stillingane vil kunne bli gjort før søknadsfristens utløp.

Vi ønskjer oss personar som:

  • er klare for nye utfordringar
  • kan jobbe tett saman med andre kollegaer
  • har initiativ til utføre tiltak og aktiviteter
  • er fleksible og kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • er opptatt av refleksjon rundt eiga praksis
  • kan gje og ta imot rettleiing
  • medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar:

Alle søkjarar vil bli vurdert. Relevant erfaring med arbeid med personar som har funksjonsnedsetjing og utviklingshemming er et pluss men ikkje nødvendig. Opplæring vil bli gitt.

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, trygghet, fleksibilitet og arbeidsglede. Det er krav om god munnleg og skrifteleg framstillingsevne.

Det er krav om sertifikat kl B.

Generell informasjon:

  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
  • Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess via www.hemsedal.kommune.no – ledige stillinger:

Intervju og tilsetting vil bli gjennomført fortløpande.
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil ev. bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.

Søknad

Søknadsfrist:
30.04.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune

Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.

Om søknaden

Publisert:
08.02.2021
Sist endret:
06.03.2021