Vinmonopolet

Sommarvikar/ekstrahjelp

  • Deltid
Gol
apr 29, 2021

Sommarvikar/ekstrahjelp

Vi treng sommarvikar/ekstrahjelp til vår butikk på Gol. 

Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.

I organisasjonen vår er det eit mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekker på aktuelle kandidatar via vår partnar Semac AS, www.semac.no. 

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte butikksjef Rannveig Ryum på tlf: 905 10 769.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 29. april 2021.

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.

Søknad

Søknadsfrist:
2021-04-29T00:00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Vikariat
Heltid/deltid:
Deltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Vinmonopolet
Hjemmeside:
https://www.vinmonopolet.no
Adresse:
Gol, 3550

Vinmonopolet

Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol, med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl med over 4,7 prosent alkohol. Vi har om lag 2 000 stolte, engasjerte og dyktige tilsette fordelte på drygt 330 butikkar over heile landet i tillegg til kundesenter, netthandel og administrasjon. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med 21 000 produkt frå heile verda i sortimentet.I 2019 omsette vi for 17,9 milliardar kroner.
Vi skal halde fram med å gi Noregs beste kundemøte, prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Verdiane vi bruker for å nå dit, er at vi skal vere rause, solide og dynamiske.
 

Om søknaden

Publisert:
08.04.2021
Sist endret:
18.04.2021