Den norske kirke, Tunsberg bispedømme

Sokneprest i Ål – Hallingdal prosti

  • Heltid
Ål
sep 21, 2021

Ønskjer du å vere sokneprest i eit inkluderande og engasjert bygdemiljø med eit rikt kultur- og friluftsliv? Vi leitar etter ein sokneprest som har evne til å leie og motivere andre og som har lyst til å vere med på å utvikle barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. Er det deg?

Hallingdal prosti søkjer etter ein ny sokneprest i Ål som ønskjer å gjere kyrkja synleg i lokalmiljøet, som vil styrke det felleskapsbyggjande arbeidet og som vil bidra til felles satsing for barn og ungdom.

Kyrkje og livet i kyrkjelyden
Kyrkjelivet på Ål er aktivt kyrkjelyd, og oppslutninga om gudstenestene er god. Evne til nytenking har prega kyrkjelydsarbeidet over fleire år; dette gjeld både liturgiutvikling, trusopplæring og den diakonale satsinga. Av nytenkande arbeid kan vi nemne: Folkemusikkgudstenesta, etableringa av Kafe Tid og Etter Skuletid.

Det frivillige engasjementet er høgt og det er ei rekje tilbod i kyrkjelyden.
I stillinga som sokneprest på Ål vil du få eit særleg ansvar for Leveld, Torpo og Ål sokn. Dei tre sokna har gått saman om eit felles sokneråd. I tida framover ønskjer soknerådet å arbeide med å styrkje det felleskapsbyggjande arbeidet og utvikle satsinga for barn og ungdom. Soknepresten vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle kyrkjelydsarbeidet vidare saman med frivillige, råd og tilsette i kyrkja. Godt samarbeid pregar relasjonen til kommune og dei andre menigheitsfelleskapa i Ål.

Stab og kontor.
Staben består av kyrkjeverje, sekretærar, kantor, kyrkjemusikarar, kyrkjelydspedagog, diakon, kyrkjetenarar, renhalder, prostiprest og prost med tilhald i gode kontor sentralt på Ål.

Våre kyrkjebygg
Ål kyrkje ligg i sentrum av Ål og like ved er kyrkjekontor og forsamlingssal. I Nordbygdene finn du Leveld kyrkje og Vats fjellkyrkje. På Torpo ligg Torpo kyrkje tett ved stavkyrkja. I tillegg feirar vi gudstenester og vigslar i Naturkatedralen på Sangefjell og i Nystølkyrkja.

https://aal.kyrkja.no/

Arbeidsoppgaver

Ansvar for gudstenester og kyrkjelege handlingar, pt. fordelt mellom prestane etter tenesteveker
Ansvar for konfirmantarbeidet
Ansvar for skule-kyrkjesamarbeidet
Sete i Ål, Leveld og Torpo sokneråd
Anna kyrkjelydsutviklande arbeid
Sjelesorg
Delta i trusopplæringstiltak
Halde andakter på institusjonar
Delta i det tverrkyrkjelege leiarforumet
Delta i gjeldande beredskapsordning i Tunsberg bispedømme
Delta i Arbeidsrettleiing

Kvalifikasjoner

Utdanningsretning: Teologi/Livssynsfag
Utdanningstittel: Cand. theol. eller tilsvarande med praktikum
Målforma i kommunen er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei beherskar begge målformer.
Tunsberg bispedømme krev at politiattest (barneomsorgsattest) blir lagt fram ved ved tilsetjing.

Personlige egenskaper

God liturg og formidlar
Evne til variert formidling i ulike samanhengar
Gode samarbeidsevner
Ha evne til å inspirere og motivere
Kunne vidareføre eksisterande arbeid og sjå nye behov og muligheiter i samarbeid med sokneråd, friviljuge og tilsette
Interesse for og erfaring frå arbeid med born og ungdom
Vere tydeleg tilstades i lokalsamfunnet
Bidra inn i prostifellesskapet
Lyst til å gjere eit allsidig og variert prestearbeid
Evne og vilje til å arbeide i team

Vi tilbyr

Innplassering i stillingskode 1555 sokneprest etter KAs lønnsregulativ.
Pensjonsordning
Øvrige godtgjersler, rettar og forpliktingar som til ei kvar tid gjeld for prestetenesta
Arbeidsrettleiing (Arbeidsveiledning ABV)
Gode muligheiter til fagleg utvikling
Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
Godt kollegialt felleskap i prostiet

Namnet til søkjaren vil normalt bli offentliggjort. Ynskjer du ikkje at namnet ditt blir offentleg kjent, må det grunngjevast (offentlegheitslova § 25)

Kontaktinformasjon

Sveinung Hansen, Prost i Hallingdal, 970 01 101
Sylvi Fimland, Rådgiver personal, 412 98 991

Arbeidssted

Sundrevegen 66
3570 Ål

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Den norske kirke

Referansenr.:4425575879
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2021

Søknad

Søknadsfrist:
2021-09-21T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Den norske kirke, Tunsberg bispedømme
Adresse:
Sundrevegen 66, 3570

Kulturkommunen Ål
Ål kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen med storslått natur med vakre fjell og dalar. I Ål er det eit rikt kultur- og friluftsliv med eit mangfald av idrett- og aktivitetstilbod for alle. «Årets kulturkommune i 2021» er kjent for det store kulturlivet sitt som byggjer på lange tradisjonar og nyskaping. I Ål kulturhus finn du galleri, bibliotek, kinosalar og dansescene. Her held også kulturskulen og Ål introsenter til. Ålingsfjella inviterer til turar sommar og vinter til fots, på ski og sykkel som blir nytta av fastbuande og tilreisande. Kommunen har gode tenestetilbod, fleire samhandlingsarenaer og solide nettverk for sine vel 4600 innbyggjarar.

Om søknaden

Publisert:
31.08.2021
Sist endret:
19.09.2021