Ål kommune

Sjukepleiarer – open søknad

  • Heltid
Ål
mai 11, 2021

Vi treng fleire sjukepleiarer

Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg?
Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?
Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?
Er du serviceinnstilt og trivs med ein travel kvardag? Har du erfaring frå laboratoriearbeid og akuttmedisin?

Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling?

Då vil vi ha deg med i laget – anten du har erfaring eller du er nyutdanna – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Til topps- leiarutviklingsprogram

Tilsette med høgskuleutdanning kan bli med i eit to-årig program om leiarutvikling med oppstart hausten 2021. Her vil du i seks heildagssamlingar få teoretisk kunnskap om ulike aspektar innan leiing og individuell rettleiing. Vidare vil du i andre året få høve til å vidareutvikling din teoretisk kunnskap gjennom refleksjonsmøter, erfaringsutveksling, casetrening og praksistrening i avdelinga.

Om oss

Ål helsesenter består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter. Det er eit godt samarbeid med frivillige og Frivilligsentralen.

Miljøterapitenesta har base på Prestegardsjordet.

Arbeidsoppgåver

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • rettleie studentar, elevar og medarbeidarar

Kvalifikasjonar

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning (klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens, akuttmedisin)
  • har gode norskkunnskapar og datakunnskapar
  • vil vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass

Personlege eigenskapar

  • tek initiativ og kan ta sjølvstendig ansvar
  • evnar til å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg.
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert
  • må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysingssorientert, samt evne å ta raske beslutningar.

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • todelt turnus (eigen nattevaktsturnus)
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

Søknad

Søknadsfrist:
20.05.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune

Ål kommune er en utviklingsorientert arbeidsgiver for 650 engasjerte medarbeidere som er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet til alle innbyggere, unge som gamle. Ål kommune er rangert blant de 10 beste norske kommuner i UNICEFs rapport om kvaliteten i barns oppvekst- og levekår. Ål kommune fokuserer på stadig bedre læring, tverrfaglig arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av Ål kommune sitt pedagogiske tilbod. Helse- og omsorgssektoren er ein fagleg sterk og utviklingsorientert sektor, som driv spennande prosjekt med dagsaktuelle tema i fokus, som velferdsteknologi, aldersvennlige samfunn og ferdighetstrening for autorisert helsepersonell. Ål er kåra som ein av dei beste kulturkommunene i landet, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Les mer om oss her.

Om søknaden

Publisert:
23.04.2021
Sist endret:
10.05.2021