Ål kommune Heimetenester

Sjukepleiar vernepleiar – inntil 190 % fast stilling i heimetenesta

  • Heltid
Ål
des 28, 2021

 Har du solid fagkunnskap og leitar etter utfordringar i den kommunale helse og omsorgstenesta?

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlige sjukdomteikn?
Ønskjer du å vere med å utvikle alternative tenester som, Vipps, kvardagsrehabilitering, – meistring, og velferdsteknologiske løysingar?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel,
samarbeidsvillig og har evne til nytenking?

Då treng vi deg!

Vi har ledig inntil 190 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiarvernepleier i heimetenesta.

 Om oss

Heimtenesta har ca 36 årsverk. Det er knytt bufellesskap til heimetjenesta. Heimetenesta si brukargrupper er samansett, men dei fleste av våre brukarar er eldre. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med varierte og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og legetenesta om den einskilde brukaren. Kommunen har stor fokus tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane. Heimetenesta har base på Ål helsesenter som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.

Arbeidsoppgåver

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • rettleie studentar, elevar og medarbeidarar

Kvalifikasjonar

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning(klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri,demens)
  • har gode norskkunnskapar og datakunnskapar
  • vil vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass
  • førarkort

Vi treng deg dersom du:

  • leitar etter sjukepleiarutfordringar i kommunehelsetenesta
  • tek initiativ og kan ta sjølvstendig ansvar
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • todelt turnus (eigen nattevaktsturnus). Det blir jobba med å få til langvakt i helg med arbeid kvar 4. helg
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

 Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-12-28T00:00:00

Om stillingen

Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
2
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune Heimetenester
Adresse:
Helsetunvegen 5, 3570

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell. Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Om søknaden

Publisert:
11.11.2021
Sist endret:
04.12.2021