Sjukepleiar – 80% stilling i Heimebaserte tenester
- Heltid
Ledig stilling:
- 80% vikariat som sjukepleiar i heimebaserte tenester frå 7.mai 2021 til ca.1. februar 2022.
Varigheit på vikariatet er p.t. ikkje heilt avklart, det kan opne seg moglegheit for forlenging.
Stillinga innehar turnus dag/kveld og arbeid kvar 3. helg ved sjukeheimen/ heimetenesta.
Vi ønskjer tilsette som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar
- er fleksibel og sjølvstendig
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Vi kan tilby:
- moglegheit for kompetanseheving og tilrettelegging av relevante studiar
- flexiturnus
- høy fagkompetanse
- tilstrekkelig opplæring
Krav til kompetanse:
- Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar.
- Søkjaren må ha førarkort
- Søkjaren må kunne beherske norsk både skriftleg og munnleg
- Vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje stilling hos oss
Det blir lagt vekt på relevant utdanning og praksis i høve til arbeidsoppgåvene. I tillegg blir det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Generell informasjon:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil ev. bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
www.hemsedal.kommmune.no – sjå "ledige stillinger" for å registrere din søknad.