Gol kommune NAV Hallingdal

Rettleiar, integrering og arbeidsinkludering – 80% stilling

  • Heltid
Gol
mai 13, 2021

Org.nr.:964952612 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Prosjektstilling 1 år med moglegheit for forlenging til 3 år

Hallingdal består av dei seks kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål. Regionen har ca. 20 500 innbyggjarar. Hallingdal er Noregs største reiselivsregion. NAV i Hallingdal har i dag ca. 30 tilsette med hovudkontor på Gol. NAV Hallingdal møter brukarar og samarbeidspartnarar i alle seks kommunane. Kontoret er organisert i fire team: Oppfølging vaksen, service og marknad, sosial med oppfølging og ungdomsteam. Stillinga ligg i sosialteamet.

Om du let deg motivere av å jobbe med menneske og har trua på at alle menneske til tross for utfordringar kan få og behalda ein vanleg jobb og om du ønskjer å bidra på eit svært viktig samfunnsområde, kan denne stillinga vere noko for deg. I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søkje på denne stillinga.

Arbeidsoppgåver
• Oppfølging av busette flyktningar med mål om arbeid
• Sakshandsaming knytt til oppfølging mot arbeid
• Karriererettleiing
• Engasjere og motivere både jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar
• Følgje opp brukarar i alle seks kommunane i Hallingdal. Reiseverksemd må difor påreknast.

Kvalifikasjonar:
Kvalifikasjonar som krevst:
• Minimum 3 år relevant utdanning frå høgskule/universitet.

Kvalifikasjonar som er ønskjeleg:
• Erfaring frå å arbeide med flyktningar
• Rettleiingskompetanse
• Kunnskap om lokal arbeidsmarknad
• Kompetanse innan karriererettleiing
• Gode digitale ferdigheiter
• Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar:
• Initiativ og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt
• Evne til å sjå moglegheiter i staden for begrensningar
• Har gode sosiale ferdigheiter og evne til å skape tillit
• Sjølvstendig, og evne til å jobbe godt i team
• Kan prioritere, ha god oversikt over oppgåver, men samtidig ha evne til å handtere det uføresette.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr:
• Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team
• Store moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
• Et triveleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
• Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
• Eit utviklande miljø for å skape dei beste tenestene for innbyggjarane i Hallingdal
• Aktive og engasjerte kollegaer
• Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-05-13T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol kommune NAV Hallingdal

«Gol er ein god stad å bu for alle»
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule

Om søknaden

Publisert:
03.05.2021
Sist endret:
11.05.2021