Ynskjer du ei fagleg spennande og utfordrande leiarstilling?

Ål kommune ser etter deg som har evne til nytenking, er initiativrik og finn løysingar. Du er utviklings- og resultatorientert i arbeidet med den pedagogiske verksemda og personalet.

Ål kommune har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Ål ungdomskule frå 1. august 2022. Me ynskjer at rektor har høge ambisjonar for elevane, samt evne og vilje til å føre organisasjonen vidare i retning framtidas skule.

Visjonen for oppvekstsektoren er å bidra til at alle som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste. Bruke vengene for å få innsikt, vidsyn og perspektiv – feste røter for å meistre eigne liv og tru på eigne krefter. Skulen i Ål skal vera ein inspirerande føregangsskule, med fokus på langsiktig og systematisk utviklingsarbeid basert på forsking.

Ein skuleleiar i Ål er ein pådrivar for å oppnå resultat, tenke heilskapleg, kunne vera nyskapande og har evne til å gjennomføre vedtatte endringar. Leiaren må vera tydeleg om kva mål og forventningar som gjeld; og kunne skape gode relasjonar til elevar, tilsette, føresette og andre kompetansemiljø. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Du har innsikt i og evne til god økonomistyring. I samsvar med mål og forventningar skal rektor sørge for optimal utnytting av ressursane; og i samarbeid  med elevar, føresette og tilsette ivareta skulens omdømme og plass i lokalmiljøet.

Rektor er ansvarleg for den daglege drifta, pedagogisk leiing og utvikling av skulen. Rektor skal utvikle det faglege fellesskapet rundt læringsoppdraget, samt systematisk og målretta arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.  Rektor skal vera ein synleg leiar som formulerer vedtatt mål og forventingar for framtidsskulen, ha gjennomføringskraft, og sørge for databasert resultatoppfølging. Me har klare forventningar om gode elevresultat og høg trivsel for elevane.

Me ynskjer å vera ein attraktiv arbeidsplass for våre tilsette. Det er difor viktig at du som personalleiar har forståing for at systematisk og godt personalarbeid byggjar eit sterkt fagleg fellesskap og verdibasert kultur kor det er trygt og spennande å vera tilsett. Rektor på Ål ungdomsskule er ein leiar som gjennom tillit og klare forventningar driv god personalpolitikk i samsvar med kommunen sine retningsliner. 

Som rektor i Ål blir du ein del av eit rektorkollegium, og eit regionalt rektornettverk med god kollegastøtte. Strategidokumentet "Betre læring 2022-2025" er eit viktig styringsverktøy for oppvekstsektoren og skulane i Ål. Planverket skal styre og samordne innsatsen for – på beste måte – å ta hand om læringsmandatet. Tenkjer du at dette kan vere interessant og spennande, er Ål kommune rett stad for deg!

Sjå www.aal.kommune.no for meir informasjon om Ål kommune og Ål ungdomsskule.

Kvalifikasjonar

  • minimum 3-årig bachelor i pedagogikk, lærarutdanning eller tilsvarande
  • ynskjeleg med relevant leiarerfaring fortrinnsvis frå ungdomsskule
  • gjerne rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning
  • god kjennskap til relevant lovverk
  • god digital kompetanse

Me tilbyr

Eit triveleg kollegium kor du er er med å utvikle oppvekstsektoren i Ål og regionen gjennom regionale nettverk. Rektor rapporterer til kommunalsjef og sammen med 13 andre avdelingsleiarar er du med å utvikle oppvekstsektoren på Ål. Ål ungdommskule er ein skule med høg fagkompetanse og spennande profesjonsfellesskap. Ål kommune har også eigne leiarprogram og kursrekker. Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord