Ål kommune

Rådgjevar/sosiallærar ved Ål ungdomsskule frå 01.08.2021

  • Heltid
Ål

Me søker

Det er ledig inntil 50 % fast stilling/funksjon som rådgjevar/sosiallærar ved Ål ungdomsskule frå 01.08.2021.

Utdannings- og yrkesrådgjeving inneber blant anna å gje elevane rådgjeving og rettleiing om
" val av utdanning og yrke
" informasjon om utdanningsvegar i Noreg og andre land
" arbeidsmarknaden nasjonalt og internasjonalt
" å bruke ulike rådgjevingsverktøy
Sosialpedagogisk rådgjeving skal hjelpe den einskilde elev til å finne seg til rette i opplæringa. Den skal hjelpe elevane med personlege, sosiale og emosjonelle problem som kan ha betydning for elevane si opplæring og sosiale tilhøve på skulen.

Stillinga/funksjonen kan kombinerast med undervisningsstilling.

For meir informasjon om Ål ungdomsskule, sjå www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse
  • ynskjeleg med erfaring frå rådgjeving eller rettleiing
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Ål kommune nyttar nynorsk skriftspråk

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ynskjer at du:

  • har evne til å byggje gode relasjonar til både elevar, føresette og kollegaer
  • kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
  • tek ansvar og arbeider sjølvstendig, men også teamorientert
  • har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
  • ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Me tilbyr

Lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar og godt elev- og arbeidsmiljø. Ål-skulen driv kompetanseheving og utvikling gjennom arbeid i nettverk internt, på tvers av skular i Ål og regionalt rådgjevarnettverk i Hallingdal.

Lønsvilkår

Lønn etter avtale. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i SPK. Tilsetting i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Politiattest

Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillingane.

Søknad

Søknadsfrist:
07.03.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune

Ål ungdomsskule er ein ungdomsskule med ca. 200 elevar og 40 tilsette. Det er tredeling på kvart av dei tre trinna. Skulemiljøet er positivt med høg trivsel blant både tilsette og elevar. Skulane i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing der elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi og framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap.

Om søknaden

Publisert:
15.02.2021
Sist endret:
01.03.2021