Ål kommune

Piano- og samspellærar ved Ål kulturskule

  • Heltid
Ål
mai 11, 2021

Me søker

Ål Kulturskule har frå 01.08.2021 ledig 17 % fast stilling som piano- og samspellærar.

Arbeidsoppgåver

Pianoundervisning av barn og unge i samsvar med den pedagogiske plattforma til kulturskulen, rammeplan og fagplan. Undervisninga på kulturskulen skal ta utgangspunkt i at alle menneske har behov for å gi uttrykk for kjensler, tankar og fantasiar gjennom musikk og kunst. Det blir forventa at du bidreg med kvalifikasjonane dine inn i teamet vårt, samt deltar i tverrfagleg arbeid.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg at du har høgskuleutdanning og pedagogikk, men realkompetanse kan vurderast dersom dette kan dokumenterast. Du må ha god pedagogisk tilnærming i arbeidet og evne til å skap trygge rammer og trivsel for elevane. Sjangerbreidde blir vektlagd. Det blir stilt krav til gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personalege eigenskapar:

  • pedagogiske evner og kommunikasjon av musikken sin eigenverdi
  • du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
  • du må kunne kommunisere godt med barn og unge og skape engasjement for faget
  • du er vant med å arbeide sjølvstendig, samtidig trivst du i samarbeid med andre og kan vera ein god bidragsytar i å sikre at konsertar/framsyningar blir gjennomførte på ein god måte
  • du er positiv i møte med elevar og kollegaer

Me tilbyr

Me kan tilby deg eit arbeidsmiljø med høg faglegheit og hyggelege kollegaer i ein kulturskule som ynskjer å vere attraktiv og relevant.

Me har flotte arbeidsrom i Ål kulturhus med unike høve til å spele i blant anna Sprang, ein heilt ny amfisal med akustisk klananlegg.

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Søknad

Søknadsfrist:
12.05.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune

Ål kommune er en utviklingsorientert arbeidsgiver for 650 engasjerte medarbeidere som er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet til alle innbyggere, unge som gamle. Ål kommune er rangert blant de 10 beste norske kommuner i UNICEFs rapport om kvaliteten i barns oppvekst- og levekår. Ål kommune fokuserer på stadig bedre læring, tverrfaglig arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av Ål kommune sitt pedagogiske tilbod. Helse- og omsorgssektoren er ein fagleg sterk og utviklingsorientert sektor, som driv spennande prosjekt med dagsaktuelle tema i fokus, som velferdsteknologi, aldersvennlige samfunn og ferdighetstrening for autorisert helsepersonell. Ål er kåra som ein av dei beste kulturkommunene i landet, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.

Om søknaden

Publisert:
03.05.2021
Sist endret:
11.05.2021