Ål kommune, heimetenesta

Personleg assistent ved Granly omsorgsbustader

  • Heltid
Ål

Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Ønskjer du utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer?

Evnar du til å skape føreseielege, trygge kvardagar gjennom god fagleg omsorg?

Vil du yte det vesle ekstra? er du fleksibel og samarbeidsvillig?

Har du lyst å vere med å vidareutvikle tenester med høg fagleg kvalitet med fokus tverrfagleg arbeid, brukarmedverknad, pårørandestøtte og gode meistringstilbod?

Då vil me ha deg med i laget – anten du har erfaring eller du er nyutdanna – her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Me har ledig 32 % stilling som personleg assistent ved heimetenesta / Granly omsorgsbustader. Det er mogleg å ta ekstravakter både ved Granly og i heimetenesta.

Om oss

Granly omsorgsbustader ligg i avdeling heimetenester med base i Ål helsesenter, som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.

Heimtenesta har ca 36 årsverk. Du kan rekne med varierte og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.

Heimetenesta si brukargrupper er samansett, men dei fleste av våre brukarar er eldre. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Det blir lagt vekt på tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane.

Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og legetenesta om den einskilde brukaren. Det er eit godt samarbeid i sektoren, og med frivillige og Frivilligsentralen.
Arbeidsoppgåver

  • gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid
  • tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
  • vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar:
Me søkjer deg som helsefagarbeidar / hjelpepleiar eller som er assistent med realkompetanse / relevant erfaring. Me kan legge til rette at du kan ta fagbrev som helsefagarbeidar.

Du må vidare ha, eller vere villig til å skaffe deg godkjent kurs i medikamenthandtering. Søkjar må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar:
Me ser etter deg med solid fagkunnskap, som tek initiativ og føler stort ansvar for arbeidsoppgåvene.
Arbeidet er variert med spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt. Me tilbyr

  • todelt turnus (eigen nattevaktsturnus)
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Marie Louise C Skråmestø , Mobil +47 95946212, Epost: marie.louise.skramesto@aal.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-09-19T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Ikke oppgitt
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune, heimetenesta
Adresse:
Helsetunvegen 5, 3570

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Om søknaden

Publisert:
03.09.2021
Sist endret:
19.09.2021