Site logo

Er du utdanna barnehagelærar eller har anna relevant utdanning som gir pedagogisk kompetanse til å arbeide i barnehage? Då treng vi deg!

Vi har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar i Torpo barnehage med oppstart snarast.

Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til skule, fotballbane, skiløype og fin natur. I 2015 vart heile huset renovert og er no ein barnehage godt tilpassa behova barn og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Vi har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet.

Torpo barnehage har fokus på «leik som kompass i barnehagen sitt uterom» og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte. Vi er opptekne av å skape ei tydeleg pedagogisk ramme om vår verksemd, der det er plass til at barn og vaksne saman skal fylle ramma med innhald.

Kvalifikasjonar

  • utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
  • ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk
  • dersom vi ikkje får søkjarar med barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning, kan andre søkjarar med barnefagleg bakgrunn eller friluftsutdanning vera aktuelle

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:

  • brenn for barnehageyrket og det beste for barna
  • er ein leikande og profesjonell vaksen
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • er løysingsorientert, fleksibel og lojal
  • har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna
  • kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

 Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe
  • kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
  • stillingsprosent ut frå ønske/behov
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

Søk på stilling

Søk på stilling

To apply for this job please visit aal.easycruit.com.

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password