Gol kommune Miljøterapitenesta

Miljøterapeut / vernepleiar

  • Heltid
Gol
des 10, 2021

Miljøterapitenesta gir tenester til heimebuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte områdeleiarar. Avdelinga er organisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.

Vi legg vekt på brukarmedverking i det daglege der "Aktiviteter i dagleglivet" (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og at eit godt liv for den einskilde bebuar.

Vi har ledig 100% og 80 % fast stilling som miljøterapeut. Denne stillinga er knytt til 4 bebuarar i Helsetunvegen. Det er sett opp todelt turnus med arbeid dag, kveld og kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:
• Utarbeide og evaluere tiltaksplanar
• Helseoppfølging av brukarar
• Delta og legge til rette for daglege gjeremål og aktivitetar for bebuar
• Pleieoppgåver
• Faglig rettleiing av personale i avdelinga

Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar eller anna helsefagleg høgskuleutdanning
• Ha sertifikat for bil
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Vi ynskjer at du:
• Har erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
• Har kjennskap til helse- og omsorgstenesteloven kap 9 om bruk tvang og makt
• Raskt tileignar deg kunnskap om elektroniske hjelpemiddel som nyttast som velferdsteknologi

Vi søkjer etter deg som er:
• Vennleg og omsorgsfull saman med brukarane
• Fagleg interessert
• Strukturert, pliktoppfyllande og lojal
• God til å samarbeide med andre

Vi tilbyr:
• Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Fagleg rettleiing
• God pensjonsordning
• Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass

For stillinga gjeld:
• Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk

Anna:
• Det vert lagt vekt på personleg eignaheit.
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse søknaden

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-12-10T00:00:00

Om stillingen

Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
2
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol kommune Miljøterapitenesta
Adresse:
Helsetunvegen, 3550

«Gol er ein god stad å bu for alle» Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule

Om søknaden

Publisert:
11.11.2021
Sist endret:
04.12.2021