Ål kommune

Miljørettleiar i grunnskulen i Ål

  • Heltid
Ål
mai 11, 2021

Ingress

Vil du bidra til å vidareutvikle eit godt og inkluderande elev- og læringsmiljø i Ål? Då er dette jobben for deg!

Me søker

Det er ledig inntil 300 % stilling, årsvikariat og/eller faste stillingar ved fylgjande skular frå 01.08.2021:

  • Nedre-Ål skule
  • Ål ungdomsskule

Vår overordna visjon er "I eit inkluderande læringsmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv". Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "tett og tidleg på" og "auka læringsutbytte" er viktige mål. Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø". Ål er MOT-kommune.

Den/dei som blir tilsett kan arbeide med sosialpedagogiske tiltak, både som ein del av den generelle bemanninga og med enkeltelevar i skule og SFO. Den/dei som blir tilsett vil få fast arbeidsstad ved ein av dei to skulane for å arbeide med sosiale vanskar, utfordrande åtferd, skuletrøttleik m.m. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og miljørettleiaren vil samarbeide med kontaktlærar/medlærar om opplæringstilbodet i klassen. Det er etablert eit eige felles nettverk for miljørettleiarane i kommunen.

For meir informasjon om grunnskulane i Ål, sjå www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning som t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande
  • Interesse for og aller helst erfaring med elev/læringsmiljøarbeid

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp enkeltelevar i klasse og gruppe
  • Ta del i læringsmiljøarbeidet ved skulen og i kommunen
  • Kontakt med føresette
  • Observasjon og rettleiing av andre på enkelte fagområde
  • Dokumentasjon og deltaking i møte
  • Delta i kommunalt nettverk for miljørettleiarar/miljøterapeutar

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer at du:

  • Har godt lag med barn og ungdom
  • Er tydeleg og omsorgsfull
  • Kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • Kan samarbeide godt med leiing og personalet omkring barn som har ulike utfordringar
  • Har evne til dialog og samhandling med elevar, tilsette og føresette
  • Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
  • Har godt humør og pågangsmot
  • Ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Me tilbyr

  • Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte vaksne og barn

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn ved tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Det skal sendast elektronisk søknad. klikk på "Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert fortløpande kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Søknad

Søknadsfrist:
12.05.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Kommunen har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Også i år er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn - i 2020 som ein av dei seks beste kommunane i landet. Me trenger deg for å bli endå betre.

Om søknaden

Publisert:
03.05.2021
Sist endret:
11.05.2021