Gol kommune Miljøterapitenesta

Miljøarbeider i Miljøterapitenesta – 88% stilling

  • Deltid
Gol
mai 16, 2021

Org.nr.:986487417 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Miljøterapitenesta gir tenester til heimabuande i Kristenbråten og Helsetunvegen. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte leiarar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.

Vi legg vekt på brukarmedvirkning i det daglege der «Aktiviteter i dagleglivet» (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og at eit godt liv for den einskilde bebuar.

Stillinga som miljøarbeidar er knytt til bebuar i område for Avlastning og pårørandestøtte.

Stillinga har arbeidstid i todelt turnus i uken, arbeid kvar tredje helg med langvakter.

Arbeidsoppgåver:
• Bidra til å skape tryggleik i eigen bustad, og leggje til rette for daglege gjeremål for bebuar
• Praktiske oppgåver i bolig
• Delta i aktivitetar i bebuarars kvardag
• Verdibaserte oppgåver, sjølvbestemmelse og mestring.
• Følgje opp dei individuelle vedtak som er knytt til helse, daglege gjeremål og fritid.

Kvalifikasjonar:
• Autorisasjon som Helsefagarbeidar eller anna fagbrev innan helsefag
• Det er en fordel om søkjer har erfaring med mennesker med nedsatt funksjonsevne
• Sertifikat klasse B

Vi søkjer (personlege eigenskaper):
• Deg som er pliktoppfyllende, stabil og omsorgsfull
• Har gode samarbeidsevner
• Er løysingsorientert
• Er positiv, engasjert og villig til å gi det lille ekstra for brukarane

Personlig egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr:
• Engasjerande arbeidsoppgåver
• Fagleg samarbeid
• Moglegheit for fagleg utvikling

For stillinga gjeld:
• Løn etter gjeldande tariffavtalar
• Gode pensjonsordningar

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Monica Strand, Mobil +47 90619050, Epost: monica.strand@gol.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-05-16T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Deltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol kommune Miljøterapitenesta
Adresse:
Helsetunvegen, 3550

«Gol er ein god stad å bu for alle» Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule

Om søknaden

Publisert:
03.05.2021
Sist endret:
10.05.2021